Mens dette tidlegare stort sett var eit problem rundt høgtider og i langhelger, skjer det nå helg etter helg.
– Kvar søndag i november har det stått igjen folk på kaiane på fleire øyar, fortel ordførar i Finnøy, Gro Skartveit (V).
Måtte snu på kaien
Ordførar i Finnøy, Gro Skartveit (V).
Foto: VenstreDå ordføraren skulle til Stavanger forrige søndag måtte ho sjølv bestilla båtplass for å vera på den sikre sida.
– Me var fleire i reisefølgje, og det var folk som skulle på viktige ting i byen om kvelden som ikkje hadde ofra tanken på at dei måtte bestilla båtplass midt i mørkaste november. Desse fekk ikkje plass og måtte berre gå heim igjen.
Vil ha fleire båtanløp på travle dagar
Skartveit etterlyser nå betre informasjon om bestillingssystemet til Kolumbus.
Frå 1. mai i år var det ikkje lenger mogleg på bestilla plass på hurtigbåtane frå Stavanger på grunn av
Det betyr at det i dag berre er mogleg å bestilla båtplass frå Ryfylke.
Samtidig ber Skartveit fylkeskommunen sjekka om det er mogleg at fleire båtar i Ryfylkebassenget kan anløpa kaiane i kommunen på spesielt travle søndagar.