Fakta
Manglande reise- og spiselyst
Ennå er det ikkje snakk om å reisa erstatningssak mot flyplassleiinga for sviktande inntekter, men ein kan aldri vita. I Dagens Næringsliv i dag kan vi i alle fall lesa at dei som driv serveringsstadene på Gardermoen er fortvila fordi omsetnaden går ned. På grunn av dyre billettar, manglande reiselyst eller kva det er, har talet på passasjerar minka. I tillegg går visst nok flya om lag når dei skal, og dermed hastar passasjerane gjennom avgangshallen utan å ta seg tid til å handla smørbrød og kaffe og anna godt.
Mat og drykk var trøysta i fjor vinter
Det sørgjelege resultatet er at restauratørane nå sit og sturer over rekneskapsbøkene sine og drøymer om dei første månadene etter opninga av Oslo lufthavn, Gardermoen. Då var det jubeltider. Is og snø la seg på rullebanane, underkjølt regn pøste ned over fly og banar og skodda seig inn over området. Kapasiteten på avvisingsutstyret var for liten, bagasjesystemet braut saman. Det var ei strålande tid for dei som selde mat og drykk. I timesvis kunne illsinte og frustrerte reisande bli sitjande eller ståande og venta på at flya skulle koma seg avgarde. Trøysta var mat og drykk.
Slutt på gylne tider
Men nå er det slutt på dei gylne tidene. Flya går stort sett når dei skal. Vinteren på Gardermoen har vore mild og god. Passasjerane sjekkar inn og hastar til flyutgangane utan å tenkja på dei stakkars restauratørane som har satsa på å skaffa seg levebrød av å servera folk som ikkje kjem seg av garde til fastsette tider. Svikten i inntekt var på 11 prosent i fjor og prognosen for inneverande år er ein nedgang på åtte prosent.
Men, det er ennå håp om skodde og lystig kaos
Men det er ikkje sikkert at matselgjarane treng å fortvila. Sidan politikarane i sin visdom la den nye hovudflyplassen til det romerikske innlandet der klimaet er kjent for å vera strengt om vinteren, kan det ennå vera von om gode tider for dei som skal leva av å selgja mat og drykk til flypassasjerane. Snøen la seg over Gardermoen i går, og om ikkje vinteren ter seg aldeles unormalt, kan det ennå bli mykje lystig kaos på flyplassen til glede for restauratørane. Det ville jo vore sørgjeleg om dei måtte stengja på grunn av godt ver og punktlege fly.