Hopp til innhold

Ikkje alle sviktar papiravisene

Medan dei alle fleste papiravisene i Rogaland opplever lesarsvikt, er trenden motsett for Strandbuen og Karmøynytt.

Aviser

Dei alle fleste avisene opplever lesarsvikt for papirutgåva, men framgang for nettutgåva.

Foto: NRK

Strandbuen gjer det svært godt og har fått 4.000 fleire lesarar samanlikna med 2012. Det viser dei ferske lesartala frå TNS Gallup.

– Sjølv om ein skal ta desse tala med ei klype salt, fordi dei varierer ganske mykje frå måling til måling, ser me at papiravisa til Strandbuen dei siste åra har hatt ei positiv utvikling, kommenterer ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Strandbuen, Gaute Henriksen, til eiga avis.

Gode tal for Karmøynytt

Avisa Karmøynytt, som er den leiande lokalvisa i Karmøy kommune, opplever også gode lesartal. Avisa går fram med 3.000 lesarar frå første til andre måling i år.

Lesartala for dei andre papiravisene i Rogaland bekreftar trenden som har rådd dei siste åra. Papiravisene taper, medan nett og mobil veks.

Ei av avisene som framleis slit er RA. Lokalavisa i Stavanger har nå 39.000 lesarar, mot 44.000 i 2012.

Haugesunds Avis har opplevd ein lesarsvikt på 4.000 det siste året, medan Stavanger Aftenbladet har ein mindre nedgang.

Mens færre leser papiraviser, øker lesing på mobil kraftig. Det viser tall Mediebedriftenes landsforbund la fram i dag. 
Rogalands avis har mistet 5000 lesere, mens lokalavisen Strandbuen har fått 4000 flere lesere i hovedsak på papir.

VIDEO: Strandbuen går mot straumen.

Nettauke

Det positive for dei store avisene i distriktet, er at alle opplever ein auke i lesartala på nett.

Aftenbladet har fått 11.000 fleire lesarar på nett det siste året, medan NRK Rogaland sine nettsider har meir enn dobla oppslutnaden det siste året.

LESARTAL ROGALAND:

  Avis

Lesartal papir, 2012

Lesartal papir, 2013

Lesartal nett, 2012

Lesartal nett, 2013

Stavanger Aftenblad

166 000

165 000

120 000

131 000

Haugesunds Avis

69 000

65 000

46 000

47 000

RA

44 000

39 000

26 000

27 000

Sandnesposten

16 000

15 000

 

 

Solabladet

13 000

12 000

 

 

Strandbuen

11 000

15 000

 

 

Bygdabladet Randaberg og Rennesøy

11 000

12 000 (likt som første måling i år)
 

 

 

Gjesdalbuen

9 000

9 000

 

 

Karmøynytt

22 000 (første måling 2013)

25 000
 

 

 

Jærbladet

39 000

36 000

 

 

NRK Rogaland

 

 

12 000

26 000

Ekspander/minimer faktaboks