Hopp til innhold

I kveld kan du sova med ordføraren

I natt blir du oppfordra til å sova ute for å markera Friluftlivets år.

Ivar Anton Nøtterøy og Jane Byberg

SKAL UT I NATT: Ivar Anton Nøttestad i Madlaspeidarane og Jane Byberg i Turistforeininga håpar mange tek turen ut i naturen i natt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Så lenge ein har ull, sovepose og liggjeunderlag, så klarer ein seg fint, seier Ivar Anton Nøttestad i Madlaspeidarane.

2015 er friluftslivets år, og for å markera starten på dette blir folk oppfordra til å sova ute natt til onsdag.

Over halvparten av ordførarane i Rogaland (NB! Ekstern lenkje) har tenkt å bruka natta ute i frisk luft, blant dei er Ane Mari Braut Nese, ordførar i Klepp.

130 skal ut i Klepp

Ane Mari Braut Nese

SKAL SOVA UTE: Ordførar i Klepp, Ane Mari Braut Nese.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

– Det er eit stilig stunt. Første gong eg såg mailen tenkte eg at «Oi, det såg kaldt ut», og så las eg 14 epostar til og håpte det gjekk over. Men eg tykkjer det er stilig, og me har ikkje vondt av å sova ute.

– Eg er litt spent, det må eg innrømma, seier ho, og siktar til ruskevêret som har herja Vestlandet dei siste dagane.

– Men me har ikkje tenkt å avlysa, det må skje meir enn dette for at me skal gjera det. Me har gode lavvoar, og nokre av dei har vedomn, så eg trur det blir bra.

I Klepp har over 130 personar meldt seg på overnattingsturen ute.

– Eg er imponert over kor mange som har meldt seg på og vist interesse. Me skal ha aktivitetar, mat, song, dans og alt mogleg, me må jo halda varmen.

  • LES OGSÅ:

– Sov i hagen

Ivar Anton Nøtterøy og Jane Byberg

–SENK TERSKELEN: Ivar Anton Nøtterøy i Madlaspeidarane og Jane Byberg i Turistforeininga seier ein ikkje treng leggja ut på langtur første gong ein skal sova ute.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg trur det blir ei oppleving for livet. Det er ikkje kvar dag du overnattar med ordføraren, for å seia det slik. Og det er ikkje ofte du gjer eit slikt stunt på ein vanleg kvardag, så dette kjem folk til å hugsa, seier Ivar Anton Nøttestad i Madlaspeidarane.

Han er overraska over kor populær hendinga ser ut til å bli.

– Me er eigentleg overraska over responsen som har vore på dette stuntet. Dei som overnattar ute i natt har nok det i minnet lenge, held han fram.

Ein treng ikkje vera med på eit arrangement for å vera med å markera dagen. Ein kan like godt ta turen ut i hagen heime dersom det er meir freistande enn å reisa ut i skogen.

– Me har fleire arrangement rundt om kring, men folk kan reisa ut og sova i hagen, på ballkongen eller kor dei vil. Det å senka terskelen er viktig, seier Jane Byberg, leiar for aktivitetsavdelinga i Stavanger turistforeining.

– Eg har ein fireåring og toåring som eg skal ta med meg ut i hagen i natt. Dei fekk soveposar til jul og gler seg til å sova ute i natt.

– Ein toåring og fireåring ute i dette vêret?

– Ja, me må ikkje nødvendigvis langt til fjells. Me tek med oss kakao og bøker og skal kosa oss. Me byrjar i hagen, og dersom det blir for kaldt så går me inn, seier ho.

Flere nyheter fra Rogaland