Hopp til innhold

Vips, så fekk barnefamiliane ei gåvepakke på 30.000 frå kommunen

På Fedje har barnehagen blitt gratis for å lokke til seg fleire familiar. Professor meiner slike tiltak kan gi resultat.

 Camilla Storsæter og Katrine Fagerlid Hansen henter barn i barnehagen på Fedje.

POSITIVE: Camilla Storsæter og Katrine Fagerlid Hansen håper gratis barnehage vil få fleire til å flytte til Fedje.

Foto: Karoline Finnema / NRK

– Eit kjempeflott tilbod! Vi synest det er kjempepositivt at dei prøver å lokke fleire ut hit. Eg håper at det kan gjere at fleire får lyst til å flytte til Fedje, seier Camilla Storsæter og Katrine Fagerlid Hansen.

Ferske tal frå SSB viser at ungdom rømmer frå bygd til by, medan dei eldre blir igjen i distrikta. Innan 2050 er det også venta nedgang i folketalet i 140 kommunar.

Det er sjeldan trengsel inn porten til den einaste barnehagen på Fedje. I år går 17 ungar i barnehagen, men det er plass til nesten det dobbelte.

At befolkninga på øya ytst i havgapet får for få barn, har blitt eit problem for kommunen. Difor har kommunestyret gjort eit uvanleg vedtak for å få fleire barnefamiliar til Fedje:

Frå 1. august av er det heilt gratis å gå i barnehagen.

Til samanlikning kostar ein full barnehageplass 3135 kroner per månad til dømes i Alver kommune og i Bergen. Fedjingar med små barn slepp dermed ein kostnad på 34.485 kroner i året.

– Kostar ikkje så mykje å prøve

Pila har peika nedover for Fedje lenge. I fjor minka folketalet med 14 personar. No bur det berre 548 personar på øya vest i Vestland.

– Me har fødd for få ungar over tid. Me ønsker å sjå om dette kan få fleire ungar inn i barnehagen, seier ordførar Stian Herøy (H).

Tiltaket har blitt tatt godt imot av foreldra som allereie har barn i barnehagen.

– Eg tenker det er fint for andre som har lyst til å kome og prøve. Då kostar det ikkje så mykje å hive seg i det, seier Katrine Fagerlid Hansen.

Barnehagen på Fedje.

GOD PLASS: Dei 17 ungane som går i barnehagen på Fedje har god plass å boltre seg på. No vil politikarane ha fleire barnefamiliar til øya.

Foto: Karoline Finnema / NRK

Det vil koste kommunen mellom 500-600.000 kroner årleg å gi alle barn gratis barnehageplass.

Med trong kommuneøkonomi er det mange andre ting på øya ordføraren kunne brukt pengar på, men han trur tiltaket vil løne seg på sikt.

– Får vi ein familie eller to hit på grunn av dette, tener vi raskt inn igjen dei pengane, seier Herøy.

Småbruksdraumen lever enno

– Det kan få folk som vurderer å flytta til Fedje, til å gjere det. Folk er opptatt av gode tenester, men gratis barnehage er ikkje nok til å få folk til å kome i strie straumar. Det må gjerne fleire tiltak til på same tid, seier Dag Jørund Lønning.

Han er professor i nyskaping og bygdeutvikling, og rektor på Høgskulen for grøn utvikling.

– Dei som vurderer å flytte er på jakt etter noko nytt dei ikkje kan få i byen. På bygda er det mogeleg å gi folk stor plass.

Professoren fortel at folk gjerne vil bu på eit småbruk og halda dyr, dyrka planter sjølv, eller ha ein stor hage.

Han trur Fedje kan ha utfordringar med å skaffe nok arbeidsplassar til tilflyttarar, og samanliknar Fedje med andre øykommunar, som Kvitsøy og Utsira.

– På slike stadar er det viktig å leggje til rette for å skape sin eigen arbeidsplass, og trekkje til seg kreative folk med gode idear. Klarar ein det, har ein lagt eit gullegg. Då kan det bli endå fleire arbeidsplassar, seier professoren.

Likevel er det ein x-faktor som er ekstra viktig for å få fleire tilflyttarar.

– Å få folk til å føla at det er nokon som genuint ønsker at du skal vera der. Det held ikkje å koma med ein velkomstblom den dagen nokon flyttar til staden, ein må følgja kontakten opp, seier Lønning.

Dag Jørund Lønning i åkeren

MANGE VIL DYRKA: – Det har ikkje vore så stort fokus på å dyrka eigen mat sidan krigen, seier professor i nyskaping og bygdeutvikling, Dag Jørund Lønning.

Foto: Erik Waage / NRK

Har plass til fleire

Med grønsakhage, ny sykkelsti under planlegging og krabbefiske i sjøen rett nedanfor, har barnehagestyrar Stine Waage mykje å by ungane på.

– Vi har 14 ledige plassar som vi håper å fylle. Det er berre å kome!

Så langt har ikkje tilbodet om gratis barnehageplass ført fleire familiar øya. Styraren håper tiltaket vil hjelpe etter kvart, for ho er uroa for framtida til både barnehagen og øya om ikkje fleire barnefamiliar flyttar dit.

– Skal barnetalet halde fram med å gå ned, går det ut over tilbodet i barnehagen. Det råkar arbeidsplassane våre, men det vil også bli utfordrande for skulen.

Stine Waage, styrar i barnehagen på Fedje.

VELKOMEN: Styrar Stine Waage ynskjer fleire barn velkomen til barnehagen.

Foto: Karoline Finnema / NRK