Hopp til innhold

Får politikarane ta denne jorda?

Grunneigar Olaf I Ellingsen ber Kontrollutvalet i Stavanger om å stanse ekspropriasjon til tursti i Gauselvågen. I dag skal Formannskapet i Stavanger ta stilling spørsmålet.

Tursti i Gauselvågen

Slike portar møter folk som i dag vil gå tur i Gauselvågen i Stavanger. Fleirtalet av politikarane vil gi folk tilgang til delar av dei andre attraktive eigendommane.

Foto: NRK

I eit brev på 39 sider peikar Olaf I Ellingsen på ei rekke saksbehandlingsfeil i administrasjonen i Stavanger kommune, som han meiner må få følger.

– Me har i motsetnad til mange andre sett oss ned og gått gjennom kva som er det faglege grunnlagde. Og det er heilt klart at det ikkje er grunnlag for ekspropriasjon, seier Olaf I Ellingsen.

– Administrasjonen lurer vekk argument

Han er sjef for fleire selskap og vant med å styra, noko han også har til hensikt å gjera for å hindre at det kjem tursti i hagane til folk på Gausel i Stavanger.

– Mange har oppfatta dette som veldig leit, aller verst er det kanskje på grunn av at me opplever at politikarane ikkje er ordentlege i måten dei går fram på. Me har også ein administrasjon som lurer vekk dei tinga som skulle talt imot ein ekspropriasjon, seier han.

Ellingsen er også kritisk til kva rådmannen skriv til politikarane, der han ber dei om å gi løyve til ekspropriasjon. I brevet han har sendt til Kontrollutvalet skriv han at erstatninga berre på sin eigedom kan koma på mellom 8 og 15 millionar kroner.

– Me skal ha eit konkret tilbod frå kommunen, og grunnen til at dei ikkje gjer det er at dei veit det blir forferdeleg dyrt, og at ein då kjem langt utover kommunen sine eigne rammer for prosjektet.

Vedtak for seks år sidan

Partiet Høgre står ofte på grunneigarane si side når det er snakk om ekspropriering, men i saka om turveg gjennom hagane til folk på Gausel, går partiet samrøystes inn for ekspropriering. Det seier gruppeleiar John Peter Hernes, som ikkje meiner at brevet frå Ellingsen vil få noko å bety.

– Nei, det vil det ikkje. Me har vedteke ein reguleringsplan for ein god del år sidan. Rådmannen si vurdering er at ein må ha fullmakt til å ekspropriera dersom det er umogleg å få frivillige avtalar.

Hernes meiner brevet frå Ellingsen kan sjåast på som nok eit forsøk på å hindre at arbeidet med turvegen skal koma i gong. Han minner om at vedtaket om å byggje turstien kom for seks år sidan og at utgreiinga frå rådmannen viser at det har vore vanskeleg å få til noko samarbeid med grunneigarane, inklusive Ellingsen.

– Eg går ut frå at dei som ikkje vil ha turstien bruker alle lovlege middel til å få omgjort vedtaket eller utsett det lengst mogleg. Det er deira fulle rett å gjera det, så er det vår oppgåve å vekta det opp mot det arbeidet me har gjort.

Kan bli rettssak

Grunneigar Olaf Ellingsen på Gausel har jobba aktivt mot tursti i sin og naboane sine hagar i meir enn seks år. Han set si lit til at Kontrollutvalet vil støtte han i at det ikkje er grunnlag for ekspropriasjon i tursti-saka:

– Det første me må sjå på då er at kontrollutvalet får gjort ein skikkeleg jobb, dersom det ikkje skjer har me berre fått fleire argument til ein eventuell etterfølgjande rettssak, avsluttar Olaf I Ellingsen.