Hopp til innhold

Skrudde på stereoen - kjørte i grøfta

Ein mann var meir opptatt av å få lyd i stereoanlegget i bilen enn å sjå på vegen. Ein annan blei tatt for båtpromille rundt midnatt, men fortsette båtturen til neste gong han møtte politiet på sjøen.

Bilstereo

Lyden blei viktigare enn vegen for bilføraren i Haugesund.

Foto: Roar Halten / NRK

Den 33 år gamle mannen som natt til søndag kjørte av vegen i Haugesund, opplevde at politiet tok med seg førarkortet hans. Grunnen var at han skrudde for mykje på stereoanlegget i bilen, samstundes med at han såg for lite på kor vegen gjekk. Då politiet forsto årsaka til utforkøyringa, meinte dei at mannen var uskikka til å ha sertifikat ei stund framover.

Ville ikkje gi seg

Rett over midnatt, stansa kystvakta ein båt med ein rusa førar. Båtføraren blei overlevert til politiet, som tok promilletest og deretter sende mannen heim.

To timar seinare stansa kystvakta same båt, med same førar, som ennå bar preg av å ha for mykje alkohol i blodet. For andre gong blei mannen tatt med til politiet og for andre gong fekk han ei sak oppretta mot seg.

Det går føre seg

I Rogaland politidistrikt har dei hatt 19 forskjellege saker natt til søndag. Folk har blitt anmeldt for brot på ordensreglar og dei har blitt vist vekk frå sentrum. Det meste har skjedd i Stavanger, men også på Jørpeland, på Nærbø, Egersund og i Sandnes har politiet hatt sitt å stri med.

Haugesundspolitiet har opplevd at Kopervik har hatt dei fleste ordensproblema, i tillegg til Haugesund sentrum.

Fra Utsira

Roleg køyring på vegen på Utsira.

Foto: Torhild Jansen

Ingen tatt

Men ein plass er det ro og fred. På Utsira, ein times ferjetur frå Haugesund, hadde politi og lensmannskontor ein bilkontroll på laurdagskvelden. Ingen merknader, konkluderer politet.