Hopp til innhold

I dag kan "bøtta" hamna i Stavanger

Petter Thoresen er optimist før den femte NM-finalekampen på Jordal i ettermiddag.

Stavanger oilers

Oilers-trenar Petter Thoresen har lyst til å avgjera kampen om NM-tittelen i ishockey i dag.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Oilers-eigar Tore Christiansen kan kle seg i sin velkjende gulldress og oilersspelarane i gullhjelm, dersom stavangerlaget kjem sigrande ut av den femte NM-finalekampen i ettermiddag.

Men då må dei slå Vålerenga på Jordal Amfi i Oslo, noko dei gjorde i den andre finalekampen (4-2 til Oilers).

Vil vinna i dag

Oilers-trenar Petter Thoresen har veldig lyst til å avgjera det heile i dag.

– Ja, me prøver å avgjera finalespelet så fort me kan. I dag har me sjansen, og me skal gjera vårt beste for å vinna, seier Thoresen til NRK.no like før kampstart på Jordal.

Oilers leiar 3–1 i kampar, og har god sjølvtillit etter 4-2-triumfen i Stavanger torsdag.

– Korleis blir det feira dersom de vinn i dag, Thoresen?

– Min jobb er å få laget til å prestera best mogleg, så er det andre som får ta seg av festplanleggingane, svarer Oilers-trenaren, før han må tilbake til kampførebuingane.

Gullfeiring i Stavanger

Dersom Oilers sikrar seg NM-gullet i Oslo i kveld, blir dei flydd til Stavanger seinare på kvelden. Så feiring blir det garantert i oljebyen i kveld og natt dersom "bøtta" hamnar i Stavanger igjen.

Dersom Vålerenga vinn i kveld, har Oilers to "matchpuckar" igjen til å avgjera det heile på. Det blir nemleg spelt best av sju kampar i finalespelet. Det betyr at Oilers kan tola endå eit tap i sjette kamp, og avgjera det heile i den sjuande kampen.

Ein eventuell sjette finalekamp blir spelt i Stavanger måndag klokka 19, medan ein eventuell sjuande finalekamp blir spelt i Oslo onsdag klokka 19.