Hopp til innhold

I dag flaggar dei på halv stong

To av dei som omkom i helikopterstyrten utanfor Bergen i går kom frå Strand i Ryfylke. – Dette er ein veldig trist dag for oss, seier ordførar Irene Heng Lauvsnes.

Kommunehuset i Strand

Utanfor kommunehuset på Jørpeland i Strand kommune heng flagget laurdag morgon på halv stong.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Me er ein liten kommune der alle kjenner alle, så dette er veldig trist dag for oss, seier Ordførar i Strand kommune, Irene Heng Lauvsnes (H).

Irene Heng Lauvsnes

Ordførar i Strand kommune, Irene Heng Lauvsnes (H), samla saman kriseteamet før dei fekk beskjeden om at to av deira eigne var omkomne i helikopterulukka på fredag.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

I går fekk ho melding om at ein av dei omkomne i helikopterstyrten ved Turøy fredag kom frå Tau, og at ein annan kom frå Jørpeland i Strand kommune i Ryfylke. Ein tredje rogalending kom frå Sandnes.

Sette kriseteam i beredskap før meldinga

– Me har mange offshore-arbeidarar her, så eg kjende det i magen med ein gong eg høyrde nyheita. Frykta var at det skulle vera nokon her frå, og me sette kriseteamet i beredskap før den triste meldinga kom, fortel ho.

Nå er det oppretta kontakt mellom kriseteamet og dei pårørande til dei omkomne.

Totalt var det 13 om bord i helikopteret, og alle omkom. I Strand flaggar dei i dag på halv stong med tanke på alle dei omkomne.

– Dette er trist for mange, ikkje berre i Strand. Eg har store medkjensle for familie og kjenningar av dei som er omkomne