Hopp til innhold

Her var dei omkomne tilsette

Dei omkomne i helikopterstyrten var tilsette i sju ulike selskap. Det er også kjent at tre av dei kom frå Rogaland.

Turøy utenfor Bergen etter styrten

ALLE 13 ER TRULEG DØDE: Eit helikopter på veg frå Gullfaks-feltet styrta ved Turøy i føremiddag. 13 personar var om bord. 11 er så langt funne. Alle er truleg døde.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Det er nå kjent kva selskap dei som omkom i helikopterstyrten ved Turøy var tilsette i. Dette er oversikten:

  • 2 frå CHC Helikopter Service
  • 4 frå Halliburton
  • 3 frå Aker Solutions
  • 1 frå Karsten Moholt (innleigd for Aker Solutions)
  • 1 frå Statoil
  • 1 frå Schlumberger
  • 1 frå Welltec

Alle på jobb for Statoil

Ola Anders Skauby

Ola Anders Skauby er pressetalsmann i Statoil.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Pressetalsmann i Statoil, Ola Anders Skauby, slår fast at alle dei elleve passasjerane var på jobb for Statoil ute på Gullfaks-feltet.

– Ein av dei var også tilsett i Statoil, seier Skauby.

Det er frå før av kjent at elleve av dei omkomne var nordmenn, ein var frå Storbritannia, medan ein var frå Italia.

– Eg kan stadfesta at tre av våre tilsette, og ein som var leigd inn av oss, var om bord på helikopteret som i dag styrta. Me mobiliserte beredskapsgruppa med ein gong me blei varsla om ulukka, seier kommunikasjonssjef, Bunny Nooryani, i Aker Solutions.

Ho seier at det er høgt verdsette kollegaer som i dag har gått bort.

– Tankane våre går til pårørande og familiane. Me samarbeider med styresmaktene om korleis me best mogleg kan ta vare på dei, seier ho.

Tre rogalendingar omkomne

Det har førebels kome ut lite informasjon om kor dei omkomne kjem frå, men politiet i Stavanger stadfester ovanfor NRK at tre er frå Rogaland.

– Me har jobba med varsling av pårørande og samarbeider med Vest politidistrikt, opplyser Tor Helge Stavik, som er operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt.

To av rogalendingane kjem frå Strand kommune i Ryfylke.