NRK Meny
Normal

Her hoppar dei ut i Kjerag-stupet

1000 meter rett ned i fjorden. Basehopparar frå 25 nasjonar er i desse dagar samla i Lysefjorden for å hoppa frå Kjerag.

Basehopparar frå 25 nasjonar er i desse dagar samla i Lysefjorden for å hoppa frå Kjerag.

Basehopp frå Kjerag onsdag. Video: Kirsti Wilhelmsen.

Enorme høgder, luftige svev og tronge fjordar. Frå onsdag til laurdag går arrangementet «Heliboogie» av stabelen frå det kjente Kjerag-platået i Lysefjorden i Rogaland.

– Arrangementet samlar basehopparar frå om lag 25 nasjonar. Folk frå mellom anna Japan, Argentina og Brasil er samla i Lysefjorden nå om dagen, seier president i Stavanger B.A.S.E. klubb, Stein Edvardsen.

Les også: På to hjul ut i Kjerag-stupet

1000 hopp

Frå onsdag morgon til onsdag ettermiddag var det gjennomført 100 hopp frå Kjerag. Tidlegare år er det gjennomført over 1000 hopp i løpet av det fire dagar lange arrangementet.

– Utlendingane er overvelda over naturen, og likar seg godt i Noreg, seier Edvardsen.

To helikopter

Skyer hindra basehopparane ein periode onsdag, men torsdag er det meldt bra vêr og basegeneralen håpar på mange nye hopp då.

«Heliboogie» har blitt arrangert i Lysefjorden sidan 1998. To helikopter fraktar basehopparane frå Lysebotn og Geitaneset opp til Kjerag-platået.

Video kjeragsykkel

Slik ser det ut når ein syklar ut i Kjerag-stupet. Videoen er frå juli 2011.