Hopp til innhold

Her stel dei avfall frå Elkjøp

FORUS (NRK): Kvart år forsvinn mellom 4000 og 10.000 tonn elektronisk avfall frå norske forhandlarar. Elkjøp utanfor Stavanger er blant butikkane det blir stole mest frå.

Stjeler fra Elkjøp

PLUKKAR MED SEG: Ein mann har funne seg ein mikrobølgeomn på returmottaket til Elkjøp på Forus utanfor Stavanger.

Foto: Erik Waage / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Vi er på returmottaket til Elkjøp på Forus utanfor Stavanger. Etter kort tid dukkar dei opp. Ein plukkar opp ein mikrobølgeomn og puttar han bak i varebilen. Ein annan tar med seg ein komfyrtopp. Fleire og fleire kjem til. Gammal elektronikk blir putta inn i bilar og forsvinn.

Dette er startpunktet for ein ulovleg millionindustri.

Brennpunkt-dokumentaren «Søppelsmuglerne» har avdekt korleis elektronisk avfall blir fylt opp i bilvrak i Noreg og ulovleg frakta til Afrika for vidaresal. Bakmenn i Noreg kan tene millionar på verksemda.

Tyveri fra Elkjøp sitt returmottak på Forus utenfor Stavanger.

Tjuveri frå Elkjøp sitt returmottak på Forus utanfor Stavanger.

Det startar med ting vi gir bort og kastar, mellom anna på returmottak som dette på Forus. Kvart år forsvinn mellom 4000 og 10.000 tonn elektronisk avfall frå norske forhandlarar. Nordmenn kastar mest elektronisk og elektrisk avfall per innbyggar, nesten det dobbelte av snittet i heile EU.

Men ein firedel av det vi kastar, forsvinn sporlaust.

– Viss det kjem til nytte i Afrika, så er det greitt, men viss det endar opp som miljøavfall, er det ikkje greitt, seier Sveinung Bang-Andersen, som akkurat kasta ein panelomn i konteinaren på Elkjøp.

– Trua på livet

Det er ikkje uvanleg at folk bryt opp låser og konteinarar i jakt på øydelagte el-produkt.

– Vi har tilsette som har vorte trua med kniv og glasskår når dei har prøvd å stanse tjuvane, fortel Madeleine Schøyen Bergly, kommunikasjonssjef i Elkjøp.

I sidegater i norske byer står gamle biler og fylles med elektronikk. Så forsvinner de. I over et år sporer Brennpunkt bilene, og avdekker en omfattende skjult millionindustri. Det handler om tyveri, trusler og smugling over landegrenser. Og et annet sted bærer noen miljøkonsekvensene.

I sidegater i norske byar står gamle bilar og blir fylte med elektronikk. Så forsvinn dei. I over eitt år sporar Brennpunkt bilane, og avdekker ein omfattande skjult millionindustri. Det handlar om tjuveri, truslar og smugling over landegrenser. Og ein annan stad ber nokon miljøkonsekvensane.

Etter ei rekke alvorlege hendingar det siste halvanna året, har dei tilsette fått beskjed om å ikkje gripe inn av omsyn til eiga sikkerheit.

– Kontrollen er for dårleg

Gjennom avfallsforskrifta har forhandlarar av elektriske produkt plikt til å ha mottak for brukte varer. Dei har òg plikt til å sikre at elektronikken blir tatt vare på sikkert.

Likevel erkjenner tryggingssjef Lars Vethe i Elkjøp at kontrollen er for dårleg.

– Vi har dessverre ikkje god nok kontroll på at kvart og eit produkt ikkje kan bli tatt av andre, seier Vethe.

Tryggingssjefen åtvarar spesielt mot å levere PC-ar på opne mottak. Dette for at data ikkje skal komme på avvege.

Tok grep

Derfor er det kanskje tryggare å levere avfallet til ein gjenvinningsstasjon. Eit par kilometer sør for Elkjøp på Forus ligg det interkommunale selskapet Ivar sitt gjenvinningsanlegg. Også her kan folk kvitte seg med gammal elektronikk.

Ivar sleit med tjuveri i lang tid. Derfor tok dei grep. Det vart sett opp gjerde rundt anlegget og installert alarmsystem. Vakter vart òg sett inn for å patruljere etter stengetid.

Tord Tjelflaat

Tord Tjelflaat, assisterande avdelingsleiar for gjenvinning i Ivar. Trallar med EE-avfall blir sette inn i konteinarar som skal vidare til gjenvinning.

Foto: Magnus Stokka

– Og så set vi store betongblokker framføre konteinarane, som folk må ha hjullaster for å fjerne, seier Tord Tjelflaat, som er assisterande avdelingsleiar for gjenvinning i Ivar.

– Etter dette har vi ikkje hatt noko stort problem med tjuveri, seier han.

– Treng betre regelverk

Ingen er nokon gong straffa for å stele frå returmottak. Ifølgje avdelingsdirektør i Miljødirektoratet, Bjørn Bjørnstad, er det usikkert om det i det heile er straffbart. Grunnen er at det er uklart kven som faktisk eig avfallet.

– Vi må få eit betre regelverk, seier han.

Økokrim skal no ta initiativ til eit hastemøte med Miljødirektoratet og Tolletaten for å betre samarbeidet, og finne ut om dagens regelverk er godt nok.

SJÅ «SØPPELSMUGLERNE» HER:

I sidegater i norske byer står gamle biler og fylles med elektronikk. Så forsvinner de. I over et år sporer Brennpunkt bilene, og avdekker en omfattende skjult millionindustri. Det handler om tyveri, trusler og smugling over landegrenser. Og et annet sted bærer noen miljøkonsekvensene.

I sidegater i norske byar står gamle bilar og blir fylte med elektronikk. Så forsvinn dei. I over eitt år sporar Brennpunkt bilane, og avdekker ein omfattande skjult millionindustri. Det handlar om tjuveri, trugslar og smugling over landegrenser. Og ein annan stad ber nokon miljøkonsekvensane.