Hopp til innhold

Her sluttar alle sikre spor etter Tore (21)

Foreldra nektar å gi opp håpet om å finna sonen Tore Grødem i live i Amsterdam. I over to veker har 21-åringen frå Bryne vore sakna i den nederlandske hovudstaden.

Tore Grødem og Marriott Hotel

SIST OBSERVERT HER: Tore Grødem (21) vart sist sett utanfor dette hotellet i Amsterdam natt til 19. desember.

Foto: skjermdump Google Maps / privat

– Den siste meldinga me sende til Tore var at han måtte ta vare på seg sjølv der nede, for me skulle ha han trygt heim til jul, seier faren, Stein Grødem.

Natt til fredag 19. desember er den siste sikre observasjonen av Tore Grødem. Då er han fanga opp av eit overvakingskamera utanfor inngangen til hotellet der han budde, Marriott Hotell, klokka fem om morgonen. Etter det er det ingen sikre spor etter 21-åringen frå Bryne.

Tore Grødem

SAKNA: Tore Grødem (21) frå Bryne.

Foto: privat

Like etter meldinga kom sette foreldra seg på flyet. Sidan har dei vore i den nederlandske hovudstaden for å hjelpa til med det dei kan av informasjon om sonen og dei har hengt opp plakatar.

– Han er nok ute ein eller annan stad, og me håpar at me finn han. Me gir oss ikkje før det motsette er bevist. seier Stein Grødem.

Politiet prioriterer saka høgt

Politiet i Nederland prioriterer saka høgt.

– Sidan det har gått femten dagar er me sjølvsagt urolege for han, men me veit ikkje kva som har skjedd og etterforskar derfor saka vidare, fortel talskvinne i politiet i Amsterdam Ingrid Lemeer.

Det dei veit om forsvinninga er at Grødem var saman med kameraten sin på ein av dei største nattklubbane i Amsterdam, men gjekk ut for å ta ut pengar i totida om natta. Han returnerte ikkje til nattklubben, men blei plukka opp av ein ambulanse. Dei sjekka tilstanden hans og fann ut at han var påverka av alkohol, men ikkje meir enn at han kunne ta vare på seg sjølv.

Ambulansen sleppte han av utanfor hotellet hans, Marriott Hotell, like før klokka fem om morgonen. Her har eit overvakingskamera fanga opp at Tore Grødem ikkje kjem seg inn på grunn av at inngangen er låst om natta. Hotellet hadde ein annan inngang like ved, som ikkje var låst, men så langt kom aldri Tore seg.

– Me må ha håp

Sidan det hender at turistar i Amsterdam ramlar uti kanalane, har politiet gjort grundige søk i kanalane rundt hotellet utan konkrete funn. No jobbar dei med å sjekka ut overvakingsvideo frå andre stader i sentrum, dei ser på moglege telefonspor og dei snakkar med vitne som kan ha sett Grødem.

– Av og til stoppar me opp og lurer på om me er naive og idiotar, men me må ha håp, seier faren, som er svært nøgd med den jobben politiet gjer i saka.

Flere nyheter fra Rogaland