Hopp til innhold

Følg Nordsjørittet med NRK

Ut frå vêrmeldingane ligg det an til å bli nok eit flott år for Nordsjørittet. Her kan du sjå direktesendinga frå det ni mil lange sykkelrittet.

NRK sender direkte i åtte timar frå Norges nest største sykkelritt. Rittet startar i Egersund og ender opp i Sandnes.

DIREKTESENDING: Her kan du sjå den åtte timar lange sendinga frå Nordsjørittet. Sveitte, tårer og bananer blir nokre av ingrediensane.

Klokka ti startar direktesendinga frå Nordsjørittet 2016, Norge sitt nest største sykkelritt etter Birken. Dei beste har då vore i gang i to timar og blir å venta over målstreken ikkje lenge etterpå.

Fleire tusen syklistar skal gjennom dagen sykla ni mil frå Egersund i sør til Sandnes i nord, og sendinga vil vara i åtte timar.

Melder godvêr og medvind

Det ligg an til at det blir svært gunstige forhold for sykling også i år, med vind frå sør, altså medvind, og lett overskya.

Medan du ventar på at sendinga skal starta kan du kosa deg med høgdepunkt frå rittet frå tidlegare år her.

Vindkart

Vindretning under nordsjørittet

Slik ser vindkartet ut for Rogaland klokka 14.00 laurdag ettermiddag.

Foto: Yr