Hopp til innhold

Gratis Nordsjøritt-påmelding for arbeidsledige

Nordsjørittet set av 100 plassar til arbeidsledige som vil delta på sykkelfesten mellom Egersund og Sandnes 11. juni.

Nordsjørittet

Det blir gratis påmelding til årets Nordsjøritt for arbeidsledige. Arkivfoto.

Foto: Kjetil Alsvik

Nordsjørittet og NAV Rogaland har inngått eit samarbeid, for å gi dei som har mista jobben ein moglegheit til å delta.

Arbeidsledige får nå gratis påmelding til årets Nordsjøritt.

– Me har lyst å gjera det me kan for dei som ynskjer å delta på folkefesten, seier dagleg leiar i Nordsjørittet, Siri Ommedal.

Nav: – Utruleg positivt

Siri Ommedal

Siri Ommedal, dagleg leiar i Nordsjørittet.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Ideen kom opp for ikkje lenge sidan, og blei delt med Nav. Dei tente på forslaget.

– Det er utruleg positivt at Nordsjørittet kjem med dette initiativet. Når du mistar jobben, mistar du ofte også andre ting, som sosiale arrangement i regi av bedriftslaget, seier assisterande fylkesdirektør i NAV Rogaland, Anneline Teigen.

Ifølge Teigen betyr aktivitetar som held motet og strukturen oppe i kvardagen utruleg mykje for dei som går utan jobb.

– Trening er viktig for å halda humøret oppe, men også andre aktivitetar, seier Teigen.

Færre påmelde

Anneline Teigen

Anneline Teigen, assisterande fylkesdirektør i NAV Rogaland.

Foto: Inger Johanne Stenberg/NRK

Årets Nordsjøritt har færre påmelde enn tidlegare år. Det største fråfallet skuldast at mange bedrifter ikkje stiller med lag som følgje av oljenedturen.

Ifølge Siri Ommedal i Nordsjørittet er fleire av dei faste deltakarane arbeidsledige. Folk som då gjerne må dekka påmeldinga sjølv, når dei ikkje lenger har ein arbeidsgivar som gjer det.

– Pris kan bety noko for at ein ikkje blir med. I tillegg mistar ein kanskje litt motivasjonen når livssituasjonen blir mørkare. Derfor vil me heia på at folk skal komma seg ut, få trening og blir med på sykkelfesten vår.

Nordsjørittet er berre få dagar unna og Ommedal innrømmer at dei kanskje burde vore tidlegare ute med påfunnet.

– Du rekk uansett nokre turar i forkant og det går an å velja alternativet på 46 kilometer også, dersom du ikkje er rusta for turen på 91 kilometer.

Påmeldingsfristen er 5. juni.