Hopp til innhold

Her lærer unge å bli korpsdirigentar

Korpsa i Norge slit med å få tak i dirigentar, men fleire tiltak er sett i verk for å snu trenden. Denne veka er 100 dirigentar frå heile landet samla til intensivkurs i Stavanger.

ung dirigent

100 dirigentar, unge og gamle, erfarne og ferskingar, deltek på kurs i korpsdirigering i Stavanger denne veka.

Foto: Anett Johansen Espeland

– Dette er er utruleg gøy. Me prøver å læra bort grunnleggjande dirigentteknikk – og det trengst, seier Morten Wensberg, dirigentlærar ved Universitetet i Stavanger.

Han er initiativtakar til Dirigentuka som samlar 100 dirigentar frå heile landet, unge og gamle, erfarne og uerfarne, til ei draumeveke for å læra av dei beste dirigentane i Norge.

Stor dirigentmangel

Tarjei Gilbrant er korpsdirigent frå Langhus i Ski kommune i Akershus.

– Eg er her for å få påfyll for min hobby. Dette gir store ringverknader for korpsrørsla i Norge, og bidreg til å heva nivået, seier han.

Mangelen på korpsdirigentar er framleis stor. Dirigentuka, som i år blir arrangert for andre gong, er eitt av tiltaka som er sett i verk for å gjera noko med dette.

– Det er sjølvsagt avgrensa kva me kan få til i løpet av ei veke. Men me rettar oss mot dei i felten, og for oss er det veldig viktig å satsa på ungdommen, seier Wensberg.

– Tradisjonelt er det få tilbod for tenåringar som driv med korpsdirigering. Det vil me gjera noko med. Me vil visa at dirigering er noko det går an å læra seg. Det er ikkje berre ein gammal mann med pinne som driv med magi.

(Artikkelen held fram under bilete).

dirigentkurs

Jenny Elise Øyen (18) frå Stjørdal har kome til Stavanger for å læra nokre triks av Cathrine Winnes, ei av 16 kursleiarar som deltek.

Foto: Anett Johansen Espeland

Vil løfta fram dirigentfaget

Geir Ulseth er musikksjef i Norges Musikkorps Forbund. Han seier at sjølv om rekrutteringa er blitt betre, er det framleis behov for å styrka dirigering som fag dersom korpsa skal overleva.

– Me må ha meir fokus på dirigentfaget i musikarutdanninga. Me veit at 90 prosent av alle blåsarar og slagverkarar som bli utdanna, før eller seinare står framfor eit korps. Det som går føre seg per dags dato er nok litt mangelfullt og spinkelt etter vårt syn.

Ein av deltakarane på kurset i Bjergsted i Stavanger er Jenny Elise Øyen (18) frå Stjørdal.

– Eg begynner på eit fag neste år på vidaregåande som heiter instruksjon og leiing. Eg vil vera litt i forkant, og deltek derfor på dette kurset. Eg har lært masse, seier 18-åringen.

dirigentkurs

Morgonøving framfor Kuppelhallen med den erfarne dirigenten Trond Korsgård.

Foto: Anett Johansen Espeland

Flere nyheter fra Rogaland