Hopp til innhold

På to hjul ut i Kjerag-stupet

Lurer du på korleis det følest å sykla utføre eit stup 1000 meter over havet? Då bør du sjå denne videoen.

Video kjeragsykkel

Sjå det vågale basehopp-stuntet i Lysefjorden her. Video: Anders Lau Nielsen.

Det var ein amerikanar, med omlag 4000 basehopp bak seg, som gjennomførte stuntet frå Kjerag i Lysefjorden i Rogaland.

Les også: Hoppet fra Kjerag – landet på cruiseskipet «The World»

– Heilt ekstremt

Det var turkameratane Terje Cristensen og Tom Arne Furnes som lånte vekk sykkelen sin til den vågale amerikanaren. Dei to hadde tidlegare vore på noko så sjeldan som sykkeltur til Preikestolen og Kjerag.

– Det var heil ekstremt å sjå dette, seier Terje Cristensen.

Bergensaren seier det også var litt vemodig å låna bort sykkelen til basehoppet.

– Eg var trass alt glad i sykkel min, seier han med glimt i auga.

Les også: Vil bygge spektakulært hotell for Kjerag-vandrere og basehoppere

– Var heilt roleg

Kameraten Tom Arne Furnes var imponert over kor roleg basehopparen var.

– Før han sette seg utføre stupet var han heilt roleg, så tok han oss i handa før han forsvann ut i lufta.

Kjerag er eit fjellplatå i Lysefjorden og eit kjent turistmål for basehopparar verda over. Men om det er gjort eit liknande hopp som dette tidlegare, er uvisst.

Snacks fra Ekstremsportveko

Fikk du sug i magen av videoen fra Kjerag? Da er disse videoene fra Ekstremsportveko på Voss noe for deg:

VIDEO: Slik er et basehopp med vinger

Video Slik er et basehopp med vinger

Slik er et basehopp med vinger

VIDEO: Luftige kunstakrobatikker

Video Luftige kunstakrobatikker

Luftige kunstakrobatikker