Hopp til innhold

Her forsvinn siste rest av Gulliver

Laurdag var om lag 30 frivillige i sving med å fjerna siste rest av Ålgård sitt landemerke Gulliver. Nå skal kroppen gje glede i barnehagar og leikeplassar fleire andre stader i fyket.

Fjernar Gulliver

Skankeholen velforeining er glade for å få med seg ein del av klatrestativet i Gulliver.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I starten av august i fjor bestemte leiinga i Kongeparken at dei ikkje lenger hadde plass til det 75 meter lange landemerket Gulliver.

Hovudet blei lagt ut for sal på e-bay. Dette kjøpte Arvid Mæland for 8000 kroner og flydde det til Klepp med helikopter, der det skal fungera som scene.

Kroppen, som er eit svært klatrestativ, blei likevel liggjande att i Ålgård. Heilt til denne helga.

– Ungane vil stortrivast

Fleire barnehagar, velforeiningar og private har plukka nemleg med seg det som var att av kjempa på laurdag.

– Nå skal me først demontera delar av Gulliver her, deretter tar me det med oss til leikeplassen, og monterer det der, seier Tor Henning Olsen Skankeholen velforeining.

Han er svært glad for at andre nå kan blåsa nytt liv i landemerket.

– Det er flott at me kan ta dette heilt gratis, og eg er sikker på at ungane vil stortrivast, seier han.

Eit landemerke er vekke

Bakgrunnen for at familieparken på Ålgård har fjerna heile Gulliver er at han blei mindre og mindre besøkt. Meininga då den blei sett opp i 1986 var at dei besøkjande skulle få ei reise i menneskets indre.

Den siste tida har den berre fungert som eit stort leikestativ, som barnehagar og skular fekk tilbod om å henta, då det blei klart at Gulliver skulle bli fjerna.

Kjempa har ligge like ved E39 sør for Sandnes har vore eit landemerke, som fly skal ha nytta til å navigera etter, men nå er altså landemerket heilt vekke.

Kongeparken på Ålgård

Slik såg Gulliver ut før han blei plukka frå kvarandre.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Flere nyheter fra Rogaland