Hopp til innhold

Sender bussar for å henta ukrainske flyktningar til Noreg

To «kvite bussar» reiser frå Rogaland til Polen for å henta ukrainske krigsflyktningar. Mange kontaktar UDI med ønske om å reisa ut for å hjelpa.

Olga Zetterstrøm og Jan Helge Vassbø

Bussane reiser med danskebåten frå Risavika i Stavanger tysdag kveld.

Foto: Ole Andreas Bø / Ole Andreas Bø

– Eg kan ikkje hjelpa foreldra og slektningane mine i Aust-Ukraina. Det er over 1000 kilometer frå Polen. Men eg kan i alle fall hjelpa ukrainarar i vest som har klart å komma seg over grensa til Polen, seier ein gråtkvalt Olga Zetterstrøm frå Ukrainsk foreining Rogaland.

Zetterstrøm har budd 24 år i Noreg og seier ho er uendeleg takknemleg for alt ho har fått.

Tysdag kveld sender representantar frå den ukrainske foreininga i Rogaland, saman med andre støttespelarar, to bussar på danskebåten frå Stavanger til Danmark.

Målet er å henta om lag 100 ukrainske krigsflyktningar på grensa mellom Polen og Ukraina og heim til Noreg. Dette skal skje i dialog med polske styresmakter.

Hjelpeaksjonen kan minna om dei kvite bussane under andre verdskrig. Dei redda skandinavar som sat i tyske konsentrasjonsleirar.

– Mennene i Ukraina vil kjempa for landet sitt. Det kan dei ikkje gjera dersom mødrene og barna blir. Men dersom desse kjem seg vekk, kan dei stå lenger. Derfor vil me hjelpa, seier Zetterstrøm.

Olga Zetterstrøm og Jan Helge Vassbø

Olga Zetterstrøm frå Ukrainsk foreining Rogaland og Jan Helge Vassbø har engasjert seg for å hjelpa ukrainarar på flukt.

Foto: Ole Andreas Bø / Ole Andreas Bø

UDI: Mange vil hjelpa

Mange har kontakta Utlendingsdirektoratet (UDI) med ønske om å hjelpa ukrainarar i Polen, blant anna ved å henta flyktningar til Noreg med buss.

– Me har veldig stor forståing for at mange, ikkje minst ukrainarar, ønsker å hjelpa dei mange hundretusenvis som er på flukt, seier presserådgivar i UDI, Vibeke Schjem.

UDI presiserer at sjølv om hensikta er god, kan transport av menneske utan dei rette dokumenta for lovleg innreise bli rekna som menneskesmugling. Det er straffbart (les regelverk i faktaboks).

Alle utlendingar som reiser til Noreg må reisa lovleg inn i Noreg. Det gjeld også for ukrainarar. Ukrainarar kan reisa visumfritt til Noreg dersom dei har biometrisk pass.

Les også Hjelpen ender opp i store søppelhauger på grensen: – Det er nok nå

Et lagerrom stappfullt av flytteesker med ting og tang som skal sendes til flyktningene i Ukraina.

Har ikkje tid til å venta

Jan Helge Vassbø er blant dei frivillige som står bak dei to bussane som reiser frå Rogaland i retning Polen tysdag kveld.

Han seier dei ikkje har tid til å venta.

– Me har ikkje tid til meir byråkrati. Det er berre å få det gjort. Det er menneske det er snakk om. Dette er ein redningsaksjon i motsetnad til Putin sin dødsoperasjon i Ukraina.

Ifølge han vil dei prøva å velja ut flyktningar med tilknyting til Rogaland til bussane, som er finansierte av både næringsliv og private givarar.

Han oppmodar ordførarane i fylket sitt til å ta imot flyktningane.

– Eg forventar at kommunane stille opp med bustadar og det som trengst for å ta imot dei som er på flukt.

Buss til Polen

Bussane har med seg blant anna teppe, klede, mat og medisinar til dei ukrainske flyktningane.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Sokndal kommune vil hjelpa

Dei som står bak bussaksjonen i Rogaland har mellom anna vore i kontakt med Sokndal kommune. Kommunen ligg heilt sør i Rogaland.

– Me er ikkje ein del av dette initiativet, men me har ledige kommunale leilegheiter og kan ta imot tre familiar, seier ordførar i Sokndal, Jonas Andersen Sayed (KrF).

Han seier kommunen ønsker å bidra i krisa og ventar på signal frå styresmaktene om kva norske kommunar kan gjera.

– Kjem det ukrainarar og treng bustad, vil me tilby det i tråd med regelverket og plassen me har tilgjengeleg, seier ordføraren.

null
Spiller nå
Ble verdenskjent etter tilfluktsrom-sang 01:08
Neste

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg