Det viste seg at mannen hadde mista autorisasjonen som hjelpepleier over fire år før overgrepa skal ha skjedd. Helsetilsynet stiller spørsmålsteikn ved korleis pleiaren kan ha fått jobb ved sjukehuset igjen.
Helsetilsynet vil ha ei vurdering av om nokon ved sjukehuset må straffast.
- Vi meiner det er heilt grunnleggande at arbeidsgjevarar i helsetenesta sjekkar om helsepersonell dei tilset har autorisasjon før dei vert tilsett. Risikoen for at noko skal kunne gå gale er veldig stor om ein tilset personell som ein tidlegare har funne uegna til å vere helsepersonell, seier seniorrådgjevar Jostein Vist.