Hopp til innhold

Helikopterstyrten i Røldal: – Veldig dårleg sikt

Vêret i Røldalsfjellet var særs dårleg på tida rundt ulukka, stadfestar Statens havarikommisjon (SHT). Ein annan pilot braut av helikopterturen sin på grunn av sikta.

Helikoptervrak i Røldal

Redningsmannskap bergar helikopteret i Røldal etter ulukka.

Foto: Tale Hauso / NRK Hordaland

Det var ekteparet Jarle Hegerland (46) og Ann-Cathrin Losvik (48) som sat i helikopteret som styrta i Røldalsfjellet i Hordaland 18. februar.

I etterkant har politiet og Statens havarikommisjon (SHT) etterforska ulukka. Dei seier det enno er for tidleg å konkludere med ei årsak, men at vêret gav dårlege forhold:

– Det var veldig dårleg sikt i området då ulukka skjedde, seier avdelingsdirektør i SHT, Kåre Halvorsen.

SHT har henta inn bilete frå webkamera i området, og skal no undersøke vraket detaljert for å finne ut kva som har skjedd.

Helikopterstyrt i Røldal

Her ligg delar av helikoptervraket i fjellsida i Røldal.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Braut av flyturen

Ein pilot frå Fonnafly skulle eigentleg fly i fjellområdet i Røldal rundt same tidspunkt som ulukka skjedde.

– Då han møtte det dårlege vêret, tok han ein runde i alpinanlegget og vurderte at forholda var for dårlege, seier flygesjef Stian Solberg i Fonnafly.

– Det var ein kombinasjon av nedbør og skyer som gjorde at han bestemte seg for å snu og fly tilbake, seier han.

Flygesjefen seier han uttaler seg på generelt grunnlag, og at piloten var i området noko tidlegare enn ekteparet som omkom i helikopterstyrten.

Piloten har vore inne til intervju hos politiet som vitne i saka.

Helikopetervraket etter ulykka i Røldal

Helikopteret er stygt skada etter ulukka.

Foto: Tale Hauso / NRK

Håpar på GPS-spor

Vêret har vore viktig i etterforskinga så langt, både for politiet og SHT. Hardanger lensmannsdistrikt har henta inn vêrdata, samt videoar frå folk som har filma helikopteret.

– Me har snakka med mellom fem og ti personar som har vore i området. Ingen har sett styrten, men har informasjon som kan fortelje om saka, seier Paul Henriksen, etterforskingsleiar ved Hardanger lensmannsdistrikt.

Jarle Hegerland, som omkom i ulukka, hadde hatt sertifikat til helikopter sidan august 2018. Helikopteret kjøpte han i november.

– Politiet har fått ein heil del bilete og videoar frå Røldal, både frå webkamera og private. Når du lettar med helikopter i eit tettbygd område, vekker det interesse, seier etterforskingsleiaren.

Hardanger lensmannsdistrikt har gjennomført krimtekniske undersøkingar av ulukkesstaden, og ser no på objekt derifrå.

Dei håpar mellom anna å kunne finne GPS-spor frå mobiltelefonane om kor helikopteret har flydd.

Helikopterkrasj