Hopp til innhold

Ekspert: – Dette er ein sensasjon

Denne spissmusarten finst eigentleg ikkje i Norden. Den siste veka er det likevel gjort observasjonar som tyder på at ein heil koloni har etablert seg på Vestlandet.

Sjeldan spissmus funnen i Rogaland

HUSSPISSMUS: Ekspert på småpattedyr Jeroen van der Kooij er nesten sikker på at dette er ei husspissmus, men det kan også vera ei hagespissmus. – Uansett er det ein sensasjon, seier han.

Foto: Stein Tofte

Det var etter at Stavanger Aftenblad skreiv om Stein Tofte frå Randaberg i Rogaland, som fann ei død husspissmusa på trappa på jobben sin, at ballen byrja å rulla.

Aldri før er denne arten observert i Noreg, og det skulle visa seg at dette ikkje var den einaste i området. I innboksen til ekspert på småpattedyr Jeroen van der Kooij har det dei siste dagane tikka inn bilete av fem ulike individ.

– Hadde det vore ei enkel død spissmus som var funnen, så hadde det ikkje trengt å bety noko. Men når det kjem inn fleire bilete frå ulike stader tyder det på at ein heil koloni som har etablert seg her, seier van der Kooij, som driv Naturformidling van der Kooij i Oslo.

Ein av dei som har teke kontakt med Jeroen er Jens Gisselgård. Han filma spissmusa på vegen i førre veke. Det var først då han leste om funnet på Randaberg at han forstod det kunne vera snakk om den sjeldne arten.

Sjå videoen her:

Ein av dei som har teke kontakt med Jeroen er Jens Gisselgård. Han filma musa på vegen i førre veke. Det var først då han leste om musefunnet på Randaberg at han forstod det kunne vera snakk om den sjeldne husspissmusa.

Jens Gisselgård synst det var artig då det plutseleg stod ei mus i vegen. Derfor filma han den, for å visa den til barna. Lite visste han om at det var den sjeldne husspissmusa han fanga på film.

Kan ha kome med eit skip

Trass namnet så er ikkje spissmus ei mus, men ein insektetar, og me har mange typar i Noreg, men denne typen er ikkje registrert tidlegare seier van der Kooij.

– Det er eigentleg ein art som liker varme. Den er vanleg i Nederland, Tyskland og Frankrike, seier han.

– Korleis trur du då den har kome til Noreg?

– Det kan til dømes vera med ei skipslass. Det er kjent at dei kan koma med når ein lastar dyrefôr. Det spesielle er uansett korleis den har klart å etablera seg her, det er ein sensasjon.

Han legg til at ein ikkje kan sjå bort frå at det er nokon som bevisst har sloppe den ut i naturen, som det finst andre døme på. Til dømes froskearten latterfrosk som har etablert seg på Finnøy etter at nokon polske barn slepte den ut.

spissmus

Denne krabaten blei fotografert av Tore Jensen i april 2016 på Gausel i Stavanger. Den kom springande over terrassegolvet midt på dagen.

Foto: Tore Jensen

Trur ikkje musa kan gjera skade

Nå skal eit laboratorium ta DNA-prøvar av musa. På den måten kan det slåast fast kva art det er, og om den har slekt frå Nord-Europa.

– Dersom den har svært avvikande DNA, så kan det bety at den har vore her i fleire tusen år utan at me har registrert den, seier van der Kooij.

– Kan husspissmusa påverka økosystemet dersom den er innført?

– Eg trur den kan leva saman med andre spissmus, sjølv om den sjølvsagt vil vera i konkurranse. Eg trur ikkje andre dyr vil døy ut på grunn av husspissmusa, seier han.

Han er også interessert i å få inn fleire bilete, for å sjå kor stor utbreiinga er. Dei fem bileta som nå har kome inn er frå Varhaug i Sør til Randaberg i nord (sjå kart).

Spissmusobservasjonar