– Det ser ut som eit digert bombekrater

Fleire hundre bilar har gått med, og delar av parkeringshuset på Sola har rast saman etter brannen tysdag. Onsdag startar flya å gå igjen.

Parkeringshuset ved Stavanger lufthavn på Sola dagen etter brannen

Delar av det fem etasjar høge parkeringshuset kollapsa i den kraftige brannen tysdag. Onsdag morgon var brannvesenet framleis på staden.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Brannmannskap har jobba med ettersløkking i parkeringshuset ved Stavanger lufthavn gjennom heile natta. Brannen starta rundt klokka 15.30 tysdag, men det var først rundt midnatt brannvesenet fekk kontroll.

– Vi har drive ettersløkking i heile natt. Materiale som ikkje har brent opp, må berre få brenne ut. Difor må vi ha mannskap der heile tida, for å vere parat til å sløkke, seier brannsjef for Rogaland brann og redning, Nils-Erik Haagenrud, til NRK.no onsdag morgon.

På flyplassen er det gjerde og vakter utanfor parkeringshuset, brannmannskap og bilar på området og skum i den brannskada bygningen.

Parkeringshuset ved Stavanger lufthavn på Sola dagen etter brannen
Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

– Det ser ut som eit digert bombekrater inne i halvparten av bygget, seier Haagenrud.

Veit ikkje brannårsaka

Delar av det fem etasjar høge parkeringshuset kollapsa i den kraftige brannen. Parkeringshuset har 3000 plassar. Onsdag opplyser Avinor at det sto 1611 bilar der då brannen starta.

Brannsjef Haagenrud anslår at mellom 200 og 300 bilar er øydelagde.

Parkeringshuset ved Stavanger lufthavn på Sola dagen etter brannen

Materiale som brenn i parkeringshuset må berre få brenne opp, seier brannsjef Nils-Erik Haagenrud. Både brannbilar og mannskap står parat til å sløkke hvis brannen kjem ut av kontroll.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Ifølgje brannsjefen er brannårsaka ikkje klar. Fleire har spekulert i om brannen starta i ein elbil, men det er for tidleg å seie, konstater han.

Fly kan lette og lande

All flytrafikk til og frå Sola blei stansa i samband med brannen. Onsdag morgon startar flya å gå igjen, men det kan ta tid før alt er som vanleg. Avinor ber passasjerar om å følgje med på avinor.no og flyselskapa.

– Det har vore eit spesielt døgn. Nå er flyplassen opna, og vi skal kunne få fly av garde, seier lufthavndirektør Anette Sigmundstad.

Avgangshallen på Stavanger lufthavn på Sola dagen etter brannen i parkeringshuset

Heile tysdag ettermiddag og kveld var flyplassen stengd. Flya skal gå igjen frå onsdag morgon, men Avinor ber dei reisande følgje med på deira og flyselskapa sine nettsider.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Bussar og drosjer går som normalt til flyplassen. I tillegg har Avinor sett opp shuttlebussar frå P10, ein utandørs parkeringsplass som ligg eit stykke unna avgangshallen. Passasjerar som blir køyrde eller henta kan bruke bussen for å komme seg kjappare til og frå.