Hopp til innhold

Parkeringshuset hadde ikkje sprinklaranlegg

Ifølgje brannekspert kunne brannen på Stavanger lufthavn vore radikalt avgrensa. – Dei burde hatt eit sprinklaranlegg, seier brannsjef.

Brannmenn ved parkeringshuset i på Stavanger lufthamn Sola

Fleire bilar er totalskadde etter det byrja å brenna i parkeringshuset på Stavanger lufthavn Sola måndag ettermiddag.

Foto: Erik Waage / NRK

Omfanget av gårsdagens brann, som starta i ein bil i eit parkeringshus på Stavanger lufthavn, blei enormt. Flytrafikken blei stansa, meir enn tusen personar blei evakuerte, særs mange bilar er totalskadde og delar av bygget raste ut.

Det meste av dette kunne likevel ha vore unngått med enkle grep, ifølgje brannsjef for Rogaland brann og redning, Nils-Erik Haagenrud.

Nils-Erik Haagenrud

Brannsjef Nils-Erik Haagenrud.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Det fem etasjar høge parkeringshuset var nemleg ikkje utstyrt med sprinklaranlegg.

– Ein sprinklaranlegg ville ha blitt løyst ut då den første bilen tok fyr og isolert brannen til denne bilen.

– Bygd etter forskriftene

– Så du meiner at omfanget av brannen kunne vore redusert?

– Ja, det er ikkje noko å lura på. Neste alle nye garasjeanlegg er «sprinkla». Her er det i tillegg heilt ope, så det blir masse tilgang på oksygen, seier Haagenrud.

Her kan ein sjå korleis drivstofftankar eksploderte i den omfattande bilbrannen.

Ifølgje dagleg leiar i Kompetansesenter for brann og driftspersonell, Anders Sandmæl, har det ikkje vore eit krav om sprinklaranlegg. Han meiner likevel at det er problematisk at Avinor har valt å bygga parkeringshus utan.

– Her har dei lagt seg på ei minimumsløysing. Då legg ein til grunn at det er brannvesenet aleine som skal få kontroll på ein eventuell brann. Ein legg også til grunn at brannen skal vera mogleg å få kontroll på når brannmannskapet kjem på plass, seier Sandmæl.

Anders Sandmæl

Anders Sandmæl er dagleg leiar i Kompetansesenter for brann og driftspersonell.

Foto: Ruben Mathisen

Han legg til at normal praksis er at tette, innebygde og underjordiske parkeringshus har sprinklaranlegg. I opne anlegg, som det på Sola, er det ifølgje Sandmæl ikkje vanleg.

Det er Avinor som eig parkeringsanlegget. Lufthamnsjef Anette Sigmundstad ønska ikkje å uttala seg om temaet i går kveld, men seier følgjande i morgontimane:

– Parkeringshuset er bygd etter forskriftene, noko meir kan eg ikkje seie no. Så vil me evaluere om det er godt nok.

Radikal avgrensing

Heller ikkje Haagenrud meiner at minstekrav bør vera ei kvilepute når det kjem til branntryggleik.

– Sjølv om det ikkje er eit krav burde det absolutt vore eit sprinklaranlegg her, seier brannsjef i Rogaland brann og redning, Nils-Erik Haagenrud.

Brannekspert Rune Nielsen er brannekspert i forsikringsselskapet Gjensidige. Også han meiner at eit sprinklaranlegg hadde betydd mykje for omfanget.

– Brannen kunne vore radikalt avgrensa med sprinklaranlegg. Om det ikkje hadde stoppa heile brannen, hadde han i alle fall spreidd seg langt seinare til dei andre bilane.

Brann i parkeringshus, sola

Bileigarar ramma av parkeringshusbrannen i Stavanger som har kasko- eller delkaskoforsikring, er dekka av forsikringa, opplyser forsikringsselskapet If

Foto: Erik Waage / NRK