Hopp til innhold

– Eg skal gi han ei god førestilling. Kosta kva det kosta vil.

Han sette seg eit mål om å stilla opp til neve-slåstkamp i USA. Så blei trenaren hans lam. Nå er kampen viktigare enn nokon gong.

Stemninga på treningssenteret i Stavanger er svært god når NRK møter Hans Petter Pettersen og Geir Kåre Cemsoylu Nyland i slutten av mai i år.

Dei to er i gang med eit felles prosjekt. Dei skal til USA i august for å vera med i den kontroversielle kampsportgreina «bare knuckle fighting».

42 år gamle Hans Petter skal slåst. Geir Kåre, som både er MMA-utøvar og tidlegare vinnar av Noregs tøffaste, skal vera trenar.

Dei veit ingenting om at alt vil sjå annleis ut om berre nokre dagar.

Hans Petter Pettersen

Hans Petter Pettersen har tidlegare vore aktiv i brasiliansk jiu-jitsu. Trass alderen sin på 42 år, vil han nå prøva seg på å slåst med berre nevane. Ei form for boksing som fleire tar avstand frå.

Foto: Erik Waage / NRK

Det utenkelege skjer

– Kven «bare knuckle» er for? Det er for galningar. Men eg trur faktisk at Hans Petter har det som skal til for å lukkast, seier Geir Kåre. Han har eit treningsopplegg klar.

– Eg veit eg kan ta slag og få juling. Så eg har trua på meg sjølv. Men den biten med å trena rett, den byrjar å koma på plass nå, saman med Geir Kåre, seier Hans Petter.

Men så. Berre nokre dagar etter dette intervjuet. Fem dagar for å vera presis. Så skjer det utenkelege.

Geir Kåre er ute og badar saman med nokre kompisar på Sørenga i Oslo.

Han skal berre ta eit stup. Men i vatnet treffer han ein stein.

Ikkje lenge etter er det klart at han er lam frå brystet og ned.

Geir Kåre Cemsoylu Nyland har sett gjennom videoen, og godkjenner at NRK sender han.

Måtte ta eit val

Då Hans Petter fekk melding om at noko hadde skjedd med Geir Kåre, forstod han med ein gong det var alvorleg.

– Eg fekk ei kjensle. Og då eg fekk det bekrefta blei eg redd. Eg blei sjokka og eg blei lei meg. Alle kjenslene kom samstundes. Det gjekk veldig inn på meg, fortel han.

Alt som hadde med USA-kampen å gjera blei plutseleg heilt uviktig.

Det gjekk mange dagar utan at han tenkte på kampen der framme, og at trenaren hans ikkje lengre var i stand til å bli med.

– Han er ein som betyr så mykje for mange. Han er ein sånn person. Det var godt å sjå all støtte han fekk i media. Derfor var dagane etter ulukka både triste og gode.

Men så kom det til eit punkt der han måtte ta eit val.

Brutalt og blodig

Det er stor fare knytt til «bare knuckle», og kampsporten blir ofte skildra som brutal og blodig.

Nordmannen Stanley «The Viking» Hofstædter, som har slåst profesjonelle kampar i England, har hamna på sjukehuset to gonger i samanheng med kamp. Noko som er omtalt i Færelandsvennen.

Men sjølv om det er ein kontroversiell sport, med mange kritikarar, har det blitt meir og meir populært den siste tida.

Bec Rawlings fights Britain Hart during the Bare Knuckle Fighting Championship

«Bare knuckle fighting» i delstaten Mississippi i USA. I Noreg har aldri knockout-nemnda hatt inne søknad om «bare knuckle»-arrangement, og derfor aldri tatt stilling til om det er ein kampsport som kan gjennomførast i tråd med knockout-forskrifta.

Foto: Chris Graythen / AFP

Viktigare enn nokon gong

Hans Petter vedgår at det er stor risiko, men han landa likevel på å gjennomføra.

– Eg vil ikkje anbefala det for nokon andre. Dette er mi greie, som eg berre ønsker å gjera, seier han.

Så planen er at han i august skal setja seg på flyet til USA. Eigentleg har kampen nå blitt viktigare for han enn han kunne førestilla seg. På grunn av mannen som ikkje skal stå i hjørnet hans.

– Eg skal gi han ei god førestilling. Kosta kva det kosta vil.

– Eg tenker at Geir Kåre skal koma seg gjennom det han nå står oppi. Så skal eg koma meg gjennom denne kampen. Det blir annleis utan han, men eg skal klara det med å bygga vidare på treningsopplegget me starta på.

Geir Kåre Cemsoylu Nyland har lese artikkelen og godkjent publiseringa.