Hopp til innhold

Handtørkar kan ha forårsaka infeksjon

Avinor har sett inn ekstratiltak på Flesland etter at ein reisande fekk infeksjon i øyret. – Flyplassar burde ikkje hatt handtørkarar, meiner ekspert.

Infeksjon etter dobesøk på flyplass

Hans Gustav Andersen fekk infeksjon i øyret etter å ha brukt ein handtørkar på eitt av toaletta på Flesland. Handtørkaren er nå stengt.

Foto: Torkel Schibevaag / NRK / Privat

Då Hans Gustav Andersen frå Egersund reiste med Pasientreiser til Haukeland universitetssjukehus for to veker sidan, kom han heim med eit svært oppsvulma øyre.

– Eg måtte rett inn på legevakta då eg kom heim. Dei sa det var ein kjøtetande bakterie som hadde kome inn gjennom eit sår, og at eg var heldig at dei fekk stoppa den tidleg med penicillin, seier Andersen.

Smittekjelde kan ha vore handtørkar

Han meiner bakterien har kome frå handtørkaren på eit toalett på Flesland. Det ser også Avinor på som ei moglegheit.

Hans Gustav Andersen

Hans Gustav Andersen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Etter at dei fekk meldinga om infeksjonen, sette dei handtørkarane på toalettet ut av drift. Reisande må nå tørka seg med papir.

– Me har i tillegg engasjert eit firma som nå gjennomfører bakterietestar ved toaletta våre. Desse testane har me ikkje fått svar på ennå, seier Cathrine F. Framholt, kommunikasjonssjef ved Bergen lufthamn, Flesland.

Cathrine Fuglesang Framholt

Det blir i desse dagar tatt overflateundersøkingar på toaletta ved Flesland fortel kommunikasjonssjef ved Bergen lufthamn, Cathrine F. Framholt.

Foto: Avinor

Ho understrekar likevel at bakterien kan ha kome frå andre plassar enn handtørkaren.

– Men sjølv om det finst menge moglege smittekjelder, så tar me saka på alvor, seier ho.

– Flyplassar bør ikkje ha handtørkarar

Bruk av handtørkarar er omdiskutert fordi dei kan spreia mikroorganismar. Dette er ein av grunnane til at Folkehelseinstituttet meiner at helsetenesta ikkje skal nytta slike tørkarar på toaletta.

Tidlegare i år blei det diskusjon om handtørkarar er smittebomber etter eit forsøk som mellom anna fekk omtale i New York Times. I 2014 sette også NRK-programmet Schrödingers Katt fokus på korleis handtørkarar kan spreia bakteriar.

Bakteriar på hendene etter lufttørking

Slik ser hendene ut etter å ha vore i handtørkaren. Bilete er henta frå Schrödingers katt.

Foto: Schrödingers katt / NRK

Jörn Klein, førsteamanuensis ved fakultet for helse- og sosialvitskap ved universitetet i Sørøst-Noreg, meiner det ikkje er usannsynleg at infeksjonen til Andersen kjem frå handtørkaren.

Han meiner at flyplassar ikkje burde hatt slike tørkarar.

Bles ut partiklar

– Spesielt ved flyplassar burde papir vore føretrekt for å unngå smittespreiing. Her møtes folk frå heile verda. Då er det uheldig med utstyr som bles partiklane deira ut i miljøet, seier Klein.

Han meiner Andersen er heldig som ikkje blei smitta av ei multiresistent bakterie. Det trur han vil bli ei langt større utfordring framover.

Avinor vurderer ikkje å fjerna handtørkarane med bakgrunn i denne saka, slår Cathrine F. Framholt hos Bergen lufthavn fast.

– Det er for tidleg å seia noko om ytterlegare tiltak. Dette vil me ta stilling til når me får resultat av bakterieprøvane. Eit mogleg tiltak er skjerpa reinhaldsrutinar, seier ho.