NRK Meny
Normal

Han mista oljejobben til Thailand

Markandrew Terry er ein av dei mange som har mista jobben sin i oljebransjen den siste tida. Arbeidsgivaren hans Aibel informerte om at jobben han har gjort vil bli overført til Thailand.

Markandrew Terry er ein av dei mange som har mista jobben sin i oljebransjen den siste tida. Arbeidsgivaren hans Aibel informerte om at jobben han har gjort vil bli overført til Thailand.

VIDEO: Markandrew Terry var tryggleiksingeniør i Aibel, nå må han sjå seg rundt etter ny jobb. (Foto: Anette Skafjeld)

– Eg såg det ikkje koma, så det var veldig utfordrande då dei fortalde meg at eg kom til å mista jobben, fortel Markandrew Terry.

Han er svensk statsborgar, men har stifta familie i Hønefoss. Dei siste fem åra har han jobba for Aibel i Asker som tryggleiksingeniør. På bursdagen hans i november i fjor fekk han beskjed om at han ikkje var med i planane vidare.

Dermed blei han ein av 700 som mista jobben sin i Aibel på grunn av Statoil si innsparing og låg oljepris.

Fekk nytt håp med Sverdrup

Då nyheita kom om at Aibel hadde vunne milliardkontrakt med Statoil, og selskapet gjekk ut og sa at dette betydde mange nye arbeidsplassar, blei han fylt av optimisme.

– Eg sende e-post til sjefen min og gratulerte med kontrakten, deretter spurde eg om når eg kunne koma tilbake på jobb, fortel Terry.

Men i ein e-post blei det gjort klart at han er ein av dei som blir erstatta av arbeidskraft i Thailand. Ifølgje Aftenbladet kan 40 prosent av Sverdrup-jobbane til Aibel, hamna i avdelinga deira i Thailand.

Aibel ønskjer ikkje å kommentera saka, men dei stadfestar at det så langt berre er sju personar som har fått jobben tilbake i selskapet for å jobba med Sverdrup.

Samla sett har likevel 40 tilsette fått jobbane sine tilbake etter masseoppseiingar. Dette er på grunn av naturlege svingninger, opplyser kommunikasjonsdirektør Bjørg Sanddal i Aibel.

Så langt er ingen prosjektstillingar tildelt i Thailand.

– Tenk nytt

Klaus Mohn er professor ved handelshøyskolen på Universitetet i Stavanger

Klaus Mohn er professor ved handelshøyskolen på Universitetet i Stavanger. Han trur ikkje det vil koma store nok oppgangstider til at alle som har jobba innan oljenæringa, skal få jobbane sine tilbake.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Klaus Mohn er professor i petroleumsøkonomi, og meiner at mange må vera innstilte på at dei ikkje får tilbake jobbane sine i olja, sjølv ikkje i nye oppgangstider. Dei bør heller tenka nytt og søla i andre bransjar seier han.

– Dei må tenka kva dei har som sin fremste styrke, deretter bør dei tenka korleis dei kan nytta denne styrken annleis og i andre næringar, seier Mohn.

Markandrew må selja bilen sin og kanskje huset, men han gjer som Mohn seier og tenker nytt.

– Eg har tidlegare skrive manus til film- og TV-produksjon, så eg har jobba ein del med dette i det siste. Eg håper ein regissør snart plukkar opp eit av manusa mine, men medan eg ventar på det har eg ikkje store håp om at ting skal snu seg i oljemarknaden.