NRK Meny
Normal

Han kom seg på pub, og kyrne blei mjølka

Bryne-supporteren sin beskjed til kona var klar etter laget hans berga plassen i førstedivisjon på sundag; «Æg ska på pub». Me har snakka med Bjørn Serigstad Ege om korleis kvelden arta seg.

Bryne-supportaren sin beskjed til kona var klar etter laget hans berga plassen i førstedivisjon på sundag; «Æg ska på pub». Me har snakka med Bjørn Serigstad Ege om korleis kvelden arta seg.

Klippet med Bryne-supporter Bjørn Serigstad Ege blir sett og delt av mange på sosiale medium.

– Det var ein fantastisk kveld. Me reiste på puben Krazy i Bryne sentrum. Etter kvart kom også spelarane og trenarane her, seier Bjørn Serigstad Ege.

Han var ein av mange Bryne-supporterar som blei intervjua då Bryne på sundag slo Bærum 2–1 og dermed berga plassen sin i førstedivisjon. Han sende ein klar beskjed heim til kona si:

«Viss kjerringå ser på nå må hu gå og molka. Æg ska på pub!»

Tidlegare Bryne-spelar Stig Norheim filma TV-innslaget, som gjekk i sporten, og la det ut på Facebook. Etterpå har fleire tusen sett og snakka om innslaget på sosiale medium.

Dette gjorde at me i NRK Rogaland ringde til Bjørn Serigstad Ege for å høyra om kvelden.

– Det var ei finsleg feiring. Eg måtte nå det siste toget heim, for det var eg som skulle mjølka morgonen etterpå, seier bonden frå Hellvik som både driv med sau og kyr.

Han kom seg heim, og sjølv om det var ein av dei hardaste dagane han har hatt i fjøset, var han i svært godt humør. Nok eit år i førstedivisjon!

Bryne fk
Foto: Erik Waage / NRK