Hopp til innhold

Han avslørte Birkedal – i dag vitnar han i retten

20. mars i fjor sa Martin Bratland Andersen til venen sin Trond Birkedal at han skulle ut ein tur i butikken. I staden gjekk han til politiet og melde Birkedal for snikfilming. I dag møtes dei to for første gong etter dette, det skjer i Stavanger tingrett der Birkedal-saka byrjar i dag.

Video Han avslørte Birkedal – i dag vitnar han i retten

VIDEO: NRK møtte i går kveld Martin Bratland Andersen på hotellet i Stavanger der han skal bu under rettssaka.

– Det blir nok ei veldig spesiell oppleving, og ikkje noko eg gler meg til. Men det blir godt å bli ferdig med det, så det er noko eg må gjera, seier Martin Bratland Andersen om å forklara seg i retten i dag.

Det nærmar seg eitt år sidan han melde Trond Birkedal til politiet. Han blei arrestert same dag, sikta for utuktig åtferd.

Når Birkedal i dag møter i retten står han i tillegg tiltalt for eit seksuelt overgrep og seksuell handling mot barn under 16 år. Desse to tiltalepunkta er dei einaste Birkedal sjølv nektar for. Totalt er det ti fornærma i saka

Kan tilgje

Bratland Andersen gjekk til politiet etter å ha budd ei helg hos Trond Birkedal i Stavanger. Han mistenkte at han blei filma naken i dusjen, noko som skulle visa seg å stemma.

Han sa han skulle ut ein tur i butikken, men gjekk til politiet i staden, noko som førte til arrestasjonen av Birkedal som då var ordførarkandidat for Frp i Stavanger.

Etter denne dagen har ikkje Bratland Andersen sett sin tidlegare nære ven:

– Det har vore ein belastande sak, og ei tøff tid. Nå ser eg fram til å bli ferdig med saka.

– Kan du nokon gong tilgje Birkedal for det han har gjort?

– Det viktigaste for meg er at han nå får ei straff og at alle korta kjem på bordet. Verdigheita han tar straffa med vil vera avgjerande for om eg kan tilgje han eller ikkje, seier Bratland Andersen.

Trond Birkedal

I mars 2011 blei Frp-sin lovande politikar Trond Birkedal tatt av politiet. Nå er har han meldt seg ut av partiet og erklært seg sjølv politisk ferdig.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Feil same kva legning

I retten skal sexolog Thore Langfeldt stilla som sakkunnig vitne. Han skal kasta lys over korleis det er å leva som ein undertrykt legning.

Etter Birkedal-saka blei rulla opp har hovudpersonen stått fram som homofil, og uttalt at han ikkje ville ha gjort det han gjorde om han hadde vore open om legninga si.

Dette er ikkje særleg relevant for saka slik Bratland Andersen ser det:

– Folk må stå for handlingane sine, same kva som er årsaka. Har ein gjort ein kriminell handling så har ein gjort noko feil. Då spelar det ingen rolle om ein er homofil eller heterofil.

– Kva tenker du om at han har skrive brev til dei fornærma og bedd om forlating?

Det er sjølvsagt positivt. Men nå byrjar rettssaka, og det er nå han skal få si skikkelege straff.

Birkedal-saka skal gå for Stavanger tingrett fram til fredag.