Hopp til innhold

Halve hallen betalt med dugnadsinnsats

Det møtte opp hundrevis av folk då den nye fotballhallen på Tjelta i Sola blei opna laurdag. Det er dugnadsinnsatsen frå folk i bygda som gjer at hallen kunne realiserast.

Unge gutar er med på åpningen av Stangeland Arena, fotballhall, Tjelta i Sola

Erik Rege, Thomas Oftedal og Brian Hellestø gler seg til å ta hallen i bruk for fullt.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Det er kjempebra med ein så stor hall. Nå kan me trena så ofte me vil, og så kan me vera med i fotballturneringa Havdurknotten.

Erik Rege, Thomas Oftedal og Brian Hellestø er i kjempehumør. Endeleg står fotballhallen Stangeland Arena klar i Tjelta i Sola kommune.

Hundrevis møtte opp til åpningen av fotballhallen på Tjelta i Sola

Hundrevis møtte opp til åpningen av fotballhallen på Tjelta i Sola.

Foto: Anders Fehn / NRK


– Me kjem til å vera med og spela fotball her ofte. Kvar helg, sikkert, seier gutane.

Eitt års byggetid

Første november i fjor starta arbeidet på hallen. Då hadde planlegginga pågått, av og på, i 12 år.

Eitt år seinare kan byggekomitéen registrere at det er gjennomført 6000 arbeidstimar på dugnad.

Jan Klingsheim er medlem i byggekomitéen til Stangeland Arena

Jan Klingsheim er medlem i byggekomitéen til Stangeland Arena.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Graving, massetransport, røyrlegging, kummar, beleggingsstein, asfalt, kunstgrasdekke, elektroarbeid, tømring, støyping, maling, fliselegging og gartnerarbeid. Alt dette har folk i bygda bidratt med, seier Magnar Helleland og Jan Klingsheim, som har vore viktige støttespelarar i byggekomitéen.

Rause opningstider

Hallen skal vera oppe kvar dag, sju dagar i veka. Først klokka 22.30 på kvelden blir dørene stengde.

– Me trur at det blir ein samlingsstad for heile bygda, spesielt for dei unge. Her blir det fotball mest døgnet rundt, seier Helleland og Klingsheim.

Magnar Helleland er byggekomitémedlem for nybygget på Tjelta

Magnar Helleland er byggekomitémedlem for nybygget på Tjelta.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Kva kjensler sit de att med nå, når hallen er ferdig?

– Glede, seier dei to. Men det blir truleg eit stort antiklimaks på måndag. Då sit me vel og tvinnar tommeltottar etter vanleg arbeidsdag, og funderar på kva me nå skal gjera, i staden for å gå ned her og arbeida til langt på kveld.

Alle stiller opp i sørabygdå

Ordførar Ole Ueland har sjølv budd på Tjelta, og han kjenner godt igjen dugnadstradisjonen som har gjort bygginga av Stangeland Arena mogeleg.

Den nye fotballhallen på Tjelta i Sola

Den nye fotballhallen på Tjelta i Sola.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Det er ein draum som har blitt til ein realitet. For Sola kommune er det eit storarta anlegg, seier ordføraren.

Og det ha me bruk for, legg Ueland til.

– Sola er ein kommune i vekst og Tjelta er ei bygd i vekst, seier ordføraren.