Hopp til innhold

Talet på arbeidsledige auka i oktober

Det er framleis høg arbeidsløyse i Rogaland. 11.408 personar er heilt ledige, det utgjer 4,4 prosent av arbeidsstyrken.

Jobbsituasjon på Statfjord C

Dei mange nedbemanningsrundane i oljenæringane viser framleis igjen i tala på arbeidsledige i Rogaland.

Foto: Harald Pettersen / Statoil

– Me har framleis den høgaste arbeidsløysa i landet, og me har ingen signal på at det vil endra seg i nær framtid. Det er delar av industrien som har store utfordringar, og me har også fått varslar om permitteringar som vil gi nokre utslag framover, seier avdelingsdirektør i NAV Rogaland, Egil Tengs.

I oktober stod 11.408 personar, eller 4,4 prosent av arbeidsstyrken i Rogaland heilt utan arbeid. Til samanlikning var talet 11.263 i september.

I tillegg er 2152 personar på tiltak. Noko som betyr at brutto arbeidsløysa i Rogaland er på 5,2 prosent.

Stor variasjon mellom kommunane

Det er stor variasjon mellom kommunane. Sandnes og Sola har høgast arbeidsløyse med 5,2 prosent. Også her er fleire personar på tiltak. Så den brutto arbeidsløysa i desse kommunane er 6,2 i Sandnes og 5,9 prosent i Sola. Brutto arbeidsløyse er likevel endå høgare i Eigersund.

I andre enden av skalaen finn me Suldal, med ei arbeidsløyse på 0,6 prosent.

Mange ledige ingeniørar

Det er høgast arbeidsløyse innan yrkesgruppene ingeniør- og ikt-fag, industri og bygg og anlegg.

Talet på ledige innanfor bygg og anlegg er likevel lågare enn på same tid i fjor.

– Me ser at det minkar for den gruppa der. Det er framleis slik at dei som har jobba innanfor ingeniør- og ikt-fag har vanskeleg for å finna seg ny jobb, medan det går rett veg for dei i bygg og anlegg, seier Tengs.