Hopp til innhold

Gjert Ingebrigtsen: – Det har vore ein slitasje i familien

Etter å ha trappa ned som trenar og vore sjukmeld sidan starten av februar, har Gjert Ingebrigtsen for fyrste gong uttalt seg til media om situasjonen. – Det har vore ein slitasje i familien.

Høydetrening for Team Ingebrigtsen.

DET GÅR FINT NÅ: – Dei fleste kjenner meg. Eg skal ikkje prøve å vere noko anna heller, seier Gjert Ingebrigtsen.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Vi visste at denne slitasjen i familien før eller seinare ville slå til. Den har vore tøff. Likevel må vi ta dei litt kjedelegare sidene på same måten som dei gode, seier Gjert Ingebrigtsen.

Frå starten av februar har det vore stille i media frå Gjert Ingebrigtsen si side. Då vart han sjukmeldt, og trappa ned som trenar.

Henrik Ingebrigtsen gjekk inn i leiarrolla og uttalte i mars at han framover ynskja at Gjert berre skulle vere far og bestefar.

I dag uttalte Gjert seg til media igjen for fyrste gong på lang tid.

– Det går fint å verte eksponert no. Dei fleste har vorte godt kjent med meg, etter dei ti åra med Team Ingebrigtsen og alt mogleg anna, seier han i eit intervju med NRK.

Ikkje bekymra

– Han er pappaen vår. Vi har enormt mykje å takke han for, som far og trenar. Men til slutt kjem han og vi til punktet der vi og han må velje: far-son eller trenar-utøvar. Etter så mange år i begge roller gjekk det ikkje lenger. Vi meiner det er best for alle at han berre er far og bestefar. At han blir verdas beste på det òg, sa Henrik Ingebrigtsen i eit intervju med NRK i mars.

NM i friidrett innendørs 2018 i Bærum Idrettspark.

TETT: Familien Ingebrigtsen har tette band seg imellom. Her frå NM i friidrett i 2018.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Gjert seier dei har tette band i familien, men at dei heile tida har vore oppmerksame på den risikoen som har vore knytt til rollene dei har.

Den siste tida har han ikkje hatt noko rolle i treningskvardagen til Ingebrigtsen-brørne.

– Eg er ikkje bekymra, for eg har ikkje noko å bevise for nokon. Eg er et heilt alminneleg menneske, med både sterke og svake sider. Men eg har brakt gutane mine både til EM, VM-og OL-medaljar, og er veldig stolt av det! Så det skal eg ta med meg vidare, seier Gjert.

Sommer-OL i Tokyo 2021

HISTORISK: Gjert og Jakob Ingebrigtsen etter det historiske OL-gullet på 1500-meter.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Han vil aldri vere heilt ute, sa Jakob Ingebrigtsen om faren tidlegare i år.

Gjert Ingebrigtsen er aktuell med den nyaste episoden av Med Monsen på tur, som leggjast ut på NRK TV fredag kveld klokka 18.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg