Midt på høglys dag, omlag klokka 10.40, slo ranarane til i Haugesund sentrum i går.
Dei tok seg inn i urmakarbutikken, truga betjeninga med våpen, forsynte seg med klokker i vindauget, knuste disken og reolar i butikken – før dei stakk av i ein bil.
Det heile var over i løpet av to minutt.
– Det føltest likevel som ein evigheit, seier dagleg leiar hos Lervik Ur, Knut J. Lervik.
Kostbare klokker
Han var ein av dei fire på jobb, og fekk varsla om ranet via ransalarmen.
– Det var kostbare klokker dei fekk med seg. Nøyaktig kor store beløp det er snakk om er det vanskeleg å seia, men me snakkar fort om verdiar for hundretusenvis av kroner, seier han.
Beslag i ransbilen
Politiet opplyser søndag at dei tre som er tatt for ranet er i 30- og 40-åra. Dei stakk av til Sauda i bil, der dei i går kveld blei arresterte av politiet.
Alle tre er menn. Ingen av dei er norske statsborgarar.
– Me har gjort beslag av tjuvegods i bilen, men me veit ikkje om det er alt, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Trond Friberg.
Rosar politiet
Urmakar Knut J. Lervik har opplevd tjuveri før, men aldri væpna ran.
– Dette er blitt ein del av vår bransje sine utfordringar. Det kan verka som at dess meir me sikrar butikkane våre, dess meir brutale blir rana.
Han er likevel glad for at ranarane raskt blei tatt i går.
– Politiet i Haugesund gjorde ein kjempejobb. Det er viktig at ranarane blir tatt, seier han.
Han er også glad for at rutinane i butikken fungerte då det brutale ranet skjedde. Dei tilsette har nå fått psykologhjelp.
Fengslingsmøte
Politiet har gjort avhøyr av ransmennene i natt, men vil førebels ikkje ut med kva som er kome fram der.
– Saka blir etterforska vidare i dag, og måndag blir det fengslingsmøte, seier Friberg i politiet.