Det seier driftsansvarleg i Lyse Gass, Stefan Mohlin, etter eit møte med Statens forureiningstilsyn.
Lyse si utgreiing om miljøkonsekvensane skal vere klare innan utgangen av månaden, og Mohlin seier SFT har lova rask behandling av saka.
Men Natur og ungdom krev no at arbeidet stansar. Dei meiner Lyse overkjører regjeringa sitt vedtak, når dei no held fram med bygginga av røyret før SFT har behandla ferdig saka.