NRK Meny
Normal

Future Home fikk inn over en million fra ukjente for god forretningside

Då gründerselskapet Future Home trengde tilskot til eit nytt prosjekt valde dei å prøve «crowd funding», kronerulling på nett. Ideen var så god at dei fekk millionbidrag.

Dei fire grundarane i Future Home

Dei fire gründerane i Future Home, Odd Einar Evensen, Erik Stokkeland, Bjarne Handeland og Sigbjørn Groven, har fått 1,3 millionar til å vidareutvikla fjernstyring av bustadhus.

Foto: Future Home

– Det var ein idé eg fekk i sommar. Alle dei kule oppstartsbedriftene gjer jo det. Då må vi også gjera det, seier Erik Stokkeland.

Han er ein av fire unge menn som etablerte selskapet Future Home på Forus i Sandnes. Ideen deira er å lage eit styringssystem for temperatur, lys og elektroniske duppedittar i heimen til folk flest. Dei har arbeidd i snart to år med å utvikle ideen til eit produkt, og i haust starta dei si eiga innsamling på nettet.

– Vi laga ein video der vi forklarar produktet, prosessen og teamet vårt. Vi lasta det opp, og sat i gang, seier han.

Nest mest i Norge

Innsamlinga av 200 000 dollar, om lag 1,3 millionar kroner, gjennom førehandsbestilling på internett, blir kalla for crowd-funding på engelsk, og folkefinansiering på norsk. Leiar i Crowd-funding Alliance i Norge, Rotem Shneor, stadfestar at dette er nær opp til rekord her i landet.

– Det er ein av dei beste innsamlingsaksjonane av denne typen som er gjennomført her i landet og Future Home har fått inn det nest høgaste beløpet nokon gong i Norge gjennom denne metoden, seier Shneor.

Han er spesielt imponert over at det vesle norske selskapet har hevda seg i internasjonal konkurranse med tusenvis av andre selskap, som også prøver å oppnå finansiering for sine produktidear.

På førsteplass med 11,2 millionar kroner ligg Red Thread Games sitt TV-spel. Selskapet har utspring frå det norske dataspelselskapet Funcom.

Future Home, dagleg leiar Egil Stokkeland

Dagleg leiar ved Future Home Egil Stokkeland.

Lot interesserte styre lyset

– For at vi ikkje skulle hamne nedover i rekka blant alle dei andre tusen prosjekta som ligg der ute måtte vi ha ein liten wow-faktor. Derfor lagde vi ei nettside der ein kunne styre elektronikken på kontoret vårt, seier Stokkeland.

Det førte til 40 dagar med kaos hos Future Home.

– Det var vore ganske kaos med lys av og på, gardinene opp og ned, og plutseleg var det 30 grader der inne, seier han.

Unge grundere med nytt konsept

ARKIVVIDEO (05.09.2014): Det var ein usedvanleg dag på kontoret for dei unge gründerane.

Fleire brukar folkefinansiering

– Crowd-funding veks raskt som finansieringskjelde. Spesielt her i Norge, der det er skrikande mangel på såkalla såkornkapital til selskap som sit med ein idé, men som opplever at det kostar meir pengar enn dei har, å setja ideen i produksjon, seier Rotem Shneor.

Ifølgje han er den nordiske marknaden på 160 millionar kroner i året. I heile Europa blir om lag ein milliard dollar samla inn på denne måten.

Siste innsats i romjula

– No jobbar vi hardt med å få alt klart, få testa det skikkeleg, få alle produkta produsert og sendt opp hit. Me fekk ein tidleg julegåve så no får vi arbeide litt i romjula, seier Stokkeland.

Om ein månad er gründerbedrifta Future Home to år gammal. Dei er nå seks tilsette og Erik Stokkeland, ein av dei fire som starta opp, er veldig glad for suksessen dei oppnådde med crowdfunding-metoden.

– Det er utruleg kjekt å vera nest best i landet. Det er kjempestort. Dei som er best er jo ei veldig stor, kjent bedrift. Det er kjekt å vera i teten med dei, seier han.