Hopp til innhold

Gigantfunn av mineraler kan gå tapt grunna ny veg

EIGERSUND (NRK): Under bakken er det funne mineral til 300 milliardar kroner. No kan det bli lagt ny E39 over funnet, og store verdiar vil då gå tapt.

Eigersundordfører Odd Stangeland (Ap) viser frem en klump med magnetitt funnet i området. Magnetitt brukes i legeringer av jern og stål og magneter

STORE VERDIAR: Ordførar i Eigersund kommune, Odd Stangeland (Ap) ser store verdiar i mineralfunnet i kommunen, og meiner Statens vegvesen sitt forslag om å byggje nye E39 over mineralførekomsten ikkje verkar godt gjennomtenkt.

Foto: Erik Waage / NRK

– Dette er eit sensasjonelt stort funn. Eit felt i verdsklasse. Ein enorm ressurs, seier Gunnar Holen som er styreleiar i Norge Mining.

Under bakken heilt sør i Rogaland er det funne mineral til ein estimert verdi på 300 milliardar kroner, ifølgje Noregs geologiske undersøking (NGU). Det er rekna som eit av dei største mineralfunna av denne type i verda.

Bergartane som er funne, står på den såkalla kritiske lista over slike førekomstar, og finst ikkje andre stadar i verda. Det er snakk om vanadium, magnetitt, apatitt og ilmenitt. Desse minerala blir blant anna brukt til energilagring, batteri og gjødsel.

I same område vil Statens vegvesen bygga ny E39.

Ved å legge den nye vegen gjennom dette området, vil køyretida mellom Stavanger og Kristiansand bli redusert med 1,5 minutt.

Operasjon i stor skala

Mineralfunnet har vekt stor interesse hjå gruveselskapet Norge Mining.

John Vergopoulos, konsernsjef i Norge mining

John Vergopoulos, konsernsjef i Norge mining, meiner staten bør velje ein annan trasé for nye E39.

Foto: Erik Waage / NRK

Selskapet har gjort elektromagnetiske undersøkingar i området, og er tydelege på at ein annan trasé for E39 bør veljast.

– Traséen som Statens vegvesen går inn for, vil ha ein alvorleg og øydeleggande innverknad på utviklinga av ei gruve, seier konsernsjef i Norge Mining, John Vergopoulos.

Utviklinga av området i Rogaland blir sett på som det neste store mineralressursprosjektet i Noreg.

– Vi trur vi kan finne endå fleire mineral enn det vi allereie har funne. Vi snakkar om ein operasjon i stor skala som kan gje store verdiar til regionen over ei lengre tid, seier han.

Vil ikkje spekulera i kostnader

Til samanlikning er det eit stort prosjekt med å henta ut mineral på Engebøfjellet i Sogn og Fjordane. Her er det verdiar for fem til ti milliardar i bakken.

Mineralfunnet i Rogaland er 30 gonger større.

– Vi jobbar nå med å finne ut kva det vil koste å ta ut minerala, og har brukt det siste året på å gjera undersøkingar. Den prosessen er ikkje ferdig, og det er vanskeleg å estimere noko per nå, seier Holen.

Prøveboring i Engebøfjellet

ENGEBØ: Nordic Mining har eit prosjekt med gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal i Sogn og Fjordane. Prosjektet har skapt stor debatt.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Han stiller seg spørjande til kvifor ikkje mineralressursane er vektlagt i konsekvensutgreiinga av ny E39.

Det gjer òg ordføraren i kommunen.

Kan vera viktig ressurs for framtida

– Eg opplever at det er ei umedveten haldning til denne type naturressurs, seier ordførar i Eigersund, Odd Stangeland (Ap).

Eigersundordfører Odd Stangeland (Ap) viser frem en klump med magnetitt funnet i området. Magnetitt brukes i legeringer av jern og stål og magneter

Eigersundordførar Odd Stangeland (Ap) syner fram ein klump med magnetitt som er funnen i området. Magnetitt blir brukt i legeringar av jern og stål og magnetar.

Foto: Erik Waage / NRK

Han fryktar at å byggje firefelts motorveg over dette området kan ta frå framtidige generasjonar moglegheita til å vinne ut store verdiar i regionen.

– Det som er viktig for meg er at vi tek vare på dei store verdiane som vi sit på, slik at vi ikkje øydelegg for framtidige moglegheiter, seier Stangeland.

Vil gje arbeidsplassar

Ei eventuell gruvedrift i dette området kan gje hundrevis av arbeidsplassar i generasjonar framover.

– Nå er vi i ei tid der oljeinntektene går nedover. Dette er milliardar for framtida, meiner Holen.

– Den nye olja?

– Ja, det kan du eigentleg seie at det er. Dette vil vera ei god inntektskjelde for Rogaland og Noreg.

1,5 minutt lengre køyretid

Ifølge Statens vegvesen er det alternativ R1 gjennom dei rike mineralområda som gjev det beste samfunnsøkonomiske reknestykket.

Det andre forslaget, R2, som ordføraren i Eigersund og Norge Mining ynskjer, vil blant anna auke køyretida mellom Stavanger og Kristiansand med 1,5 minutt når vegen står ferdig.

Nye E39 mellom Stavanger og Kristiansand

R2 (blå rute) vil gje 1.5 lengre køyretid mellom Stavanger og Kristiansand, medan R1 (raud rute) går over mineralførekomsten til ein verdi av 300 milliardar kroner.

Illustrasjon: Statens vegvesen

– Det er ein faktor som skal målast opp mot mange andre omsyn som skal takast i eit slikt landskap, seier planleggingsleiar i Statens vegvesen, Bjarte Sandve.

Høyringsfristen i saka er 10. januar 2020.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg