Hopp til innhold

Frykta laksesjukdom spreier seg sørover

Frå før slit oppdrettsnæringa med eit utbrot av laksesjukdommar i Hordaland. No har smitten spreidd seg sørover til Rogaland. Veterinærinstituttet ber næringa gjere meir.

Laks med ILA-virus

ILA-viruset fører til utståande auge og blødingar under buken hos laksen. Dette er ein av sjukdommane som no har ramma anlegg i Ryfylke.

Foto: MarinHelse

– Det har lenge vore store problem i oppdrettsnæringa på Vestlandet. No ser vi noko av det same i Rogaland. Vi er bekymra, seier Ole Fjetland, som er regiondirektør i Mattilsynet sør og vest.

Frå før er det særleg anlegg i Hordaland og nordover som slit med laksesjukdommane pankreassykdom og infeksiøs lakseanemi (ILA-virus). Men no er det òg påvist smitte på tre anlegg i Ryfylke.

I to anlegg ved Nedstrand er det snakk om pankreassykdom, medan eit anlegg ved Ombo er ramma av ILA-virus.

Ole Fjetland, regiondirektør i Mattilsynet.

Ole Fjetland, regiondirektør i Mattilsynet sør og vest.

Foto: Marte Skodje / NRK

– Dette kostar mykje ressursar for oss og for næringa, så det er viktig å unngå ein tilsvarande situasjon i Ryfylke, seier regiondirektøren.

Liding og død

Han understrekar at sjukdommane ikkje er farlege for menneske. Dei valdar likevel langsam liding og død for fisken.

– Viss smitten spreier seg i sjøen, så kan han smitte fisk i andre oppdrettsanlegg. Derfor vil vi slakte ut så fort som mogleg, seier regiondirektøren.

Cirka 3,3 millionar fisk må slaktast på dei tre anlegga i Ryfylke, og arbeidet er godt i gang.

Det er særleg pankreassykdom som man ikkje ønskjer at skal spreie seg til Rogaland. Antall tilfelle har elles gått litt opp dei siste åra. Talet på ILA-utbrot har vore stabilt dei siste 20 åra.

Avdelingsdirektør for fiskehelse og fiskevelferd ved Veterinærinstituttet, Edgar Brun, meiner likevel at det er viktig å bli kvitt desse sjukdommane. Han meiner han næringa generelt sett kunne gjort meir.

Edgar Brun

Edgar Brun, avdelingsdirektør for fiskehelse og fiskevelferd ved Veterinærinstituttet.

Foto: Veterinærinstituttet

– Eg meiner næringa har for kortsiktige mål når det gjeld å kjempa mot sjukdommar. Nødvendige tiltak mot smittespreiing blir ofra for ofte på det økonomiske altar for kortsiktig gevinst.

Ifølgje Brun krev problemet ei meir langsiktig satsing.

– Det er ikkje nok at enkeltaktørar er ivrige og gjer ein god jobb. Det bør òg setjast i verk betre smittesikring på dei mest sentrale nivåa i produksjonen, seier han.

– Sløsing av ressursar

Avdelingsdirektøren påpeikar at sjukdommane kostar samfunnet pengar, og at dei fører med seg miljøproblem.

– Sjukdom og den store døyelegheita næringa lever med, bidrar til sløsing av ressursane i samfunnet, seier Brun.

Det er oppdrettsselskapet Mowi som eig anlegga. Dei meiner den økonomiske konsekvensen for selskapet er avgrensa.

– Dei umiddelbare konsekvensane for Mowi er at vi må slakte ut fisken på eit tidlegare tidspunkt enn vi ønsker. Alle dei tilsette jobbar knallhardt for å halde fisken frisk, så det er alltid synd når sjukdommar som dette dukkar opp, seier kommunikasjonssjef Eivind Nævdal-Bolstad.

Eivind Nævdal-Bolstad

Eivind Nævdal-Bolstad, kommunikasjonssjef i Mowi.

Foto: Mowi

I tillegg til dei tre anlegga som er ramma i Ryfylke, er 25 anlegg i området rundt omfatta av ulike restriksjonar, mellom anna forbod mot flytting av fisk og utstyr. Desse anlegga ligg i kommunane Finnøy, Hjelmeland, Tysvær, Suldal og Vindafjord.

– Kunne gjort meir

Utbrot av sjukdommar som desse kjem med jamne mellomrom. Også Fjetland i Mattilsynet meiner bransjen samla kunne gjort meir for å hindre smitte.

– I akutte situasjonar med sjukdomsutbrot saknar vi ein samla plan frå næringa, seier han.

Robert Eriksson i Norske Sjømatbedrifters Landsforening

Robert Eriksson, administrerande direktør i bransjeorganisasjonen Sjømatbedriftene.

Foto: Kjell Peder Gyldenskog

Administrerande direktør i bransjeorganisasjonen Sjømatbedriftene, Robert Eriksson, seier næringa jobbar hardt for å stanse smitte. Samtidig er han samd i at bransjen kan gjere meir.

– Det at fleire påpeikar at næringa har for kortsiktige mål når det gjeld å kjempa mot sjukdommar, må vi ta på alvor. Derfor vil Sjømatbedriftene setje dette på dagsorden så raskt som mogleg. Vi vil ta initiativ overfor både næringsaktørane og styresmaktene, der ambisjonen er at vi saman jobbar fram gode langsiktige tiltak, seier han.