Hopp til innhold

Forventar tiltak mot arbeidsløysa på statsbudsjettet

Om få timar blir statsbudsjettet lagt fram. I Rogaland er forventningane store til at politikarane får gjort noko med den høge arbeidsløysa.

Hallvard Ween

Hallvard Ween, NHO-leiar i Rogaland, forventar at statsbudsjettet får fart på sakene i Rogaland.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Olje- og gassindustrien er inne i tøffe tider, og mange har sagt opp tilsette. Det fører til at også andre bransjar slit i Rogaland. Det merkast godt på kor mykje dei har å gjera på Nav-kontoret i Bjergsted i Stavanger.

Stig Veland

MYKJE MEIR Å GJERA: Stig Veland på Nav Eiganes og Tasta i Stavanger.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

– På eige kontor har me hatt ein auke på over 100 prosent på eit år, seier leiar Stig Veland.

– Ikkje nok ressursar

Frå å vera blant fylka med lågast arbeidsløyse, er det i dag berre Aust-Agder som har fleire ledige enn Rogaland. Rundt 1000 personar har per i dag meldt seg arbeidsledige berre ved dette Nav-kontoret. For eitt år sidan var talet om lag 400. No tilset Nav Rogaland fleire for å handtera auken. Veland er spent på kva det nye statsbudsjettet vil gi dei ekstra for å takla situasjonen endå betre.

– Det er klart at me ikkje har fått tilført nok ressursar per i dag til å takla den auka pågangen, seier Veland.

– Det kjem for seint

Klokka 10 i dag blir statsbudsjettet lagt fram. Regjeringa har blant anna lova milliardar til opprusting av offentlege bygg og infrastruktur for å få folk i arbeid. Størstedelen av desse pengane skal gå til Sør- og Vestlandet.

– Dei har sagt dei skal koma med kraftige verkemiddel mot arbeidsløysa. Dei har me ikkje har sett endå. No ser det ikkje ut til at det kjem noko før statsbudsjettet trer i kraft den 1. januar, seier Øystein Hansen, fylkesleiar i LO.

Øystien Hansen, fylkesleiar i LO Rogaland

– FOR SAKTE: Det meiner Øystein Hansen, fylkesleiar i LO, at det har gått med ekstra midlar.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Også NHO-leiaren i Rogaland, Hallvard Ween, forventar to ting som kan få fart på sakene.

– Eg forventar ein del grep som gjer at me kan få fart på hjula på ein annan måte. Me har peikt på dette med midlar til utvikling, forsking og nye prosjekt, seier Ween.

– Det andre er det me har snakka om lenge: samferdsle, seier han.

Røper ingenting

Arve Kambe (H)

HELD TETT: Arve Kambe vil ikkje seia meir enn det som allereie er klart om statsbudsjettet.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Leiaren av arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, Arve Kambe, vil ikkje røpa noko i timane før presentasjonen av budsjettet. Men han seier at folk i Rogaland kan venta seg dette:

– Det er først og fremst eit budsjett som skal bidra til aktivitet, arbeid og omstilling. Det kjem til å koma ein veldig stor vedlikehaldspakke prioritert til Rogaland, Hordaland og Agder-fylka, seier Kambe.

Tidlegare har Helseminister Bent Høie (H) har allereie varsla at sjukehusa skal få pengar til å pussa opp for å stimulera byggebransjen .

– Er dette dei same pengane?

– Statsbudsjettet er endå ikkje vedteke, så dei pengane vil bli vedteke av Stortinget når det kjem. Noko skal til Stavanger og noko skal til Haugesund når det gjeld sjukehusa, er alt Kambe vil svara på det spørsmålet.