Hopp til innhold

Første skuledag i splitter nytt skulebygg

I dag opna den heilt nye, 27 mål store Bryne vidaregåande skule. – Dette er den kjekkaste dagen er har hatt på jobb nokon gong, trur eg, seier rektor Lars Tore Helgeland.

Første dag på nye Bryne vgs.

NYE BRYNE VGS: Den nye skulen til 800 millionar kroner opna i dag.

27.000 kvadratmeter, 1500 elevar, 260 tilsette og den første veka skal 9000 bøker delast ut. For første gong var det første skuledag på nye Bryne vidaregåande skule.

– Det har gått bra me har teke inn så mange elevar. Tatt det roleg, og godt veldig godt, seier rektor Lars Tore Helgeland.

Bryne videregående skole
Foto: Øystein Otterdal

Omstridd skule

Men det har vore ein lang og hard kamp mot dagens skuledag. Skulen, og spesielt prislappen på herlegheiten, har vore omstridt. 800 millionar kroner har skulen kosta, og har av Tom Tvedt og Arbeidarpartiet fått skulda for at Rogaland fylkeskommune no har dårleg råd og gjeld.

I dag stod skulen klar for 1500 elevar, tre av dei er Hanne, Helene og Victoria.

– Klasseromma er ganske gode. Dei gamle klasseromma var tette og med dårleg luft. her er det meir ope, seier dei.

– Det er store vindauge, så me får sett mykje, det er ikkje innesperra slik klasseromma våre har vore før, held dei fram.

Heilt ferdig om to år

Lars Tore Helgeland

STOLT REKTOR: Lars Tore Helgeland.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Skulen har store og opne fellesareal, noko rektor Helgeland er godt nøgd med.

– At det er lyse fargar og mykje dagslys inne gir eit godt læringsmiljø og arbeidsmiljø. Men det gir ikkje eit godt innhald i seg sjølv, det er måten me no skal bruka det på no som blir spanande, seier han.

Først om to år er skulen heilt ferdig, men den 7. september er det offisiell opning.

– Då blir det kake til elevane, seier Helgeland.