Hopp til innhold

Er det mogleg å laga sin eigen julesnø?

NRK gjorde eit forsøk. Sjå korleis det gjekk her.

Her prøver NRK-reporteren å laga snø med ein høgtrykksspylar og eit brannsløkkingsapparat. Sjå korleis det gjekk.

Sjå korleis det gjekk då Bjørn Olav Skjæveland prøvde å laga sin eigen snø me eit brannsløkkingsapparat og ein høgtrykksspylar.

Det er stussleg med plussgrader i fleng og grønt gras når julaftan er like rundt hjørnet.

Dette tenkte reporterane i NRK Rogaland, Bjørn Olav Skjæveland og Per Øystein Kvindesland, før dei gjekk i tenkeboksen for å koma på korleis dei kunne få ei kvit jul også på Nord-Jæren.

Så kom dei opp med ein plan: Spontanfrysing av vatn med eit brannsløkkingsapparat.

Kjølar ned vatn

På radioen i dag testa dei ut om dette er noko ein kan tilråda folk i snøfattige strok.

– Ideen er enkel. Me sprutar vatn med ein høgtrykksspylar, og bruker brannsløkkingsapparatet til å spruta på vasstråla. Vatnet bør då bli så kaldt at det dalar ned som snø, seier Skjæveland før han sett i gang.

Og om gjennomføringa blei vellukka kan du sjå i videoen ovanfor.