NRK Meny
Normal

Sei meg kva musikk du høyrer på, så skal eg seia kvar du står politisk

Det er ein klar samanheng mellom musikksmak og politisk ståstad viser ny forsking.

Ungdomspolitikarar på musikkbiblioteket i Stavanger

FPU OG RU: Formann i Stavanger Framstegsparti Ungdom, Martin Høven (t.v.) og Truls Dragset Dydland, regionssekretær i Raud Ungdom på Vestlandet, står på kvar sin politiske fløy. Noko ein også kan sjå gjennom musikken dei likar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Torgeir Nærland

MUSIKK OG POLITIKK: Torgeir Nærland er stipendiat ved Universitetet i Bergen. For tida jobbar han med ei doktorgrad om musikk og politikk. Sjølv likar han jazz og funk. Han dreg Miles Davis fram som ein av favorittane.

Foto: UiB

– Eg vil tippa at ein finn mykje listepop, som Erik og Kriss, hos FpU, og kanskje meir 70- og 80-tals indiegreier hos RU, seier ungdomspolitikaren Truls Dragset Dydland i Raud Ungdom.

Han er på musikkbiblioteket i Stavanger, og skal snart få presentert delar av ei rykande fersk undersøking.

På Universitetet i Bergen har ein stipendiat kartlagd musikksmaken i partiet hans, og i ungdomspartiet i motsett ende, FpU.

– Tippar RU høyrer på jazz

– Eg vil ikkje vera generaliserande, men om eg skal sjå etter ei trend i ungdomspartiet vårt må eg nemna hiphop, house og dubstep. Hos RU er det vel kanskje jazz og indie, seier Martin Høven som er leiar i Stavanger FpU. Det er første gong han er i Stavanger-biblioteket si musikkavdeling.

Ingen av ungdomspolitikarane er heilt på sporet når dei tippar kva forskaren har kome fram til.

For den grundige spørjeundersøkinga viser at Framstegspartiet sin ungdom helst høyrer på 60- og 70-tals pop og rock, dance/trance og mainstream rock.

Den raude ungdommen sine favorittsjangerar er indie, punk og hiphop.

Høven og Dragset Dydland får topplista over musikkgrupper lagt framfor seg, ei liste med eit par avvik i forhold til favorittsjangerane.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Viktig forsking

Det er Torgeir Nærland ved institutt for informasjon- og medievitskap på Universitetet i Bergen som står bak arbeidet med å finna fram til musikksmaken i partia.

Han er stipendiat og jobbar for tida med ei doktorgrad om musikk og politikk.

– Det er eit område det har blitt forska lite på. Ein finn lite om musikk innan den tradisjonelle politiske forskinga, og ein finn lite om politikk innan den tradisjonelle musikkforskinga, seier han.

– Kvifor meiner du dette er viktig forsking?

Når ein ser på kor stor rolle musikk spelar i liva til mange folk, og kor mykje musikk me faktisk høyrer på, meiner eg det er grunn til å tru at musikk kan påverka korleis me tenker rundt politiske spørsmål. Samstundes ser me også at musikk opp gjennom historia har vore ein viktig del av politiske og sosiale rørsle.

Torgeir Nærland

Musikk i ungdomspartia er ein del av arbeidet hans. Han ser på ungdomspolitikarar som eit fruktbart case sidan dei er politisk engasjerte, og i ein alder der det er stor fare for at dei er interesserte i musikk.

– Eg ville sjå i kva grad ein kan finna ein samanheng mellom musikksmak og politisk orientering. Det er derfor eg har byrja med å sjå på ytterpunkta FpU og RU, det er nok her ein kan finna dei tydelegaste skilnadene, seier stipendiaten.

Gatas Parlament og Postgirobygget

KVAR SIN FLØY: Gatas Parlament og Postgirobygget er det mest verdsette bandet hos kvart sitt ungdomsparti.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Ville bytta ut Dylan med hiphop

Tilbake på musikkbiblioteket er ungdomspolitikarane i full gang med å granska lista. Dei både ler og samtykker.

– Gatas Parlament er ein god gamal klassikar, så det var eigentleg venta. Det er også Kaizers Orchestra og Bob Dylan, men eg er litt overraska over Röyksopp og Bob Marley, seier RU politikaren.

Han legg til at Bob Dylan godt kunne blitt bytta ut med eit til hiphopband for hans del.

– Eg kan ikkje sei at eg kjenner att så mykje av dette frå det me høyrer på når me har arrangement, men det er jo populære klassiske songar og listepopband, så det overraskar meg eigentleg ikkje stort. Postgirobygget går det veldig mykje av om sommaren, seier Høven.

Sidan dei først er på musikkbiblioteket får dei to i oppgåve å finna fram ei plate frå kvart av banda frå partiet deira. Eit arbeid som Dragset Dydland går i gang med stor iver. Han finn fram den eine plata etter den andre med høg presisjon i hyllene.

For Høven går det litt tregare.

Les òg:

Revolusjon og antielitisme

Skilnadar Nærland har funne går på at RU avviser grupper og sjangrar som er sterkt knytt til musikkindustrien, medan FpU på si side ikkje har eit problem med denne type musikk.

Støyande og sint musikk er ikkje uvanleg på venstresida, medan behageleg og harmonisk musikk er vanlegare på høgresida.

Dette er også trekk ein finn i politikken deira, ifølgje forskaren.

– Støyen hos RU kan setjast i samanheng med det revolusjonære partiet står for, medan avvisinga av musikkindustrien responderer til antikapitalisme. Dette er opplagde samanhengar, seier han.

– Mange i FpU tar avstand frå musikk som klassisk og jazz, noko som nok knyter seg til antielitismen i politikken. Aksepten for musikkindustrien sine produkt passar med den marknadsliberalistiske orienteringa til partiet, seier Nærland.

At FpU har ei dragning til listemusikk, som populær hiphop og metall, seier noko om aksepten deira for tradisjonelle kjønnsrollemønster, meiner Nærland.

– Ei kvinne blir ofte framstilt som objekt i ein mainstream hiphop eller metall musikkvideo, seier Nærland.

Kvinnesyn i hip hop

KVINNE SOM OBJEKT: FpU sin aksept for liste-hip-hop og metall, seier noko om synet deira på kjønnsroller, meiner Torgeir Nærland. Hip hop er ofte kopla til objektivisering av kvinner. (Bilete er henta frå Lydverket)

Foto: Lydverket

– Likar å setja oss ved sida

Etter litt hjelp frå bibliotekaren har ungdomspolitikarane funne fram eit utval av musikken som blir mest verdsett i partia deira.

– Det er noko her som eg likar, Metallica til dømes, seier Høven.

– Eg har både Gatas Parlament og Jokke & Valentinerne i mi eiga platesamling, seier Dragset Dydland.

Martin Høven er ikkje samd i at denne musikken seier noko om FpU-arane sitt syn på kjønnsroller, eller kvinner.

– Det har eg inga tru på. Eg opplever det ikkje som om mainstream musikken framstiller kvinner på denne måten, seier han.

Han meiner likevel at aksepten for plateindustrien sine produkt kan henga saman med partiet sitt marknadsliberalistiske syn.

– Me har tru på at folk skal kunne gje ut det dei vil, og at marknaden vil avgjera kva som er den levedyktige musikken. Me gjer ikkje skjel på høg- og lågkultur, ein må ha respekt for at folk kjøper den musikken dei likar.

Justin Bieber

INGEN LIKAR BIEBER: Det er ikkje greitt å høyra på Justin Bieber anten du er på høgresida eller venstresida i politikken.

Foto: STEVE MARCUS / Reuters

Også RU representanten kjenner seg att i påstandane frå forskaren.

– Ja, me i RU likar jo å setja oss litt ved sida av det dei andre driv med. Det blir nok spegla i at me likar musikk som bråkar og stiller spørsmål.

Han trur også at antikapitalisme har med avstanden til den kommersielle musikken å gjera, men han meiner likevel at det viktigaste er at musikken er god.

– Alt handlar ikkje om kven som går indie og kven som har platekontrakt. Det handlar om kven som lagar god musikk. Derfor digger både me, og FpU til dømes Kaizers Orchestra.

Sjå i Nett-TV:

Alle likar Kaizers

For sjølv om det er mange skilnader i musikksmaken er det også interessant å sjå på kva fellestrekk ein finn.

Og det kan verka som om ungdom over heile den politiske fjøla samde om ein ting.

Kaizers Orchestra er bra og Justin Bieber er drit.

– Kaizers Orchestra er gjennomgåande superpopulære, det kan sjå ut som om dei treff noko som overskrid politiske ulikskapar, seier Nærland.

– Kaizers lagar tekstar og har ein ny sound som eg trur appellerer til ungdom uansett kor ein er politisk, seier Dragset Dydland.

Platene til Kaizers var det einaste dei to politikarane ikkje kunne finna på biblioteket. Dei er for populære, alt er utlånt var beskjeden frå bibliotekaren.

– Dei lagar rett og slett berre god musikk, seier Høven samd.

At ingen likar Justin Bieber trur begge har med kva ein vågar å sei. Dei meiner at Bieber har fått alt for mykje tyn for musikken han lagar.

Kaizers Orchestra

ALLE LIKAR KAIZERS ORCHESTRA: RU har rangert Kaizers som band nummer to på topplista si. Hos FpU finn ein det same bandet på ein sjetteplass. Noko er altså ytterpunkta samde om.

Foto: Promobilde

– Viktigare med musikk i RU

Nærland sine innsamla data syner at ein i RU langt meir oppteken av musikk enn i FpU.

– Det kan ein sjå på kor mange musikkfestivalar dei har vore på, kor ofte dei kjøper musikkblad eller besøker musikkbloggar på nett. Det er også mange i RU som sjølv driv med musikk. I tillegg har RU sine eigne «husband» som Gatas Parlament, Hank og Mari og Honningbarna.

Mange i dette ungdomspartiet opplyser også om at musikken har vore viktig for at dei har hamna i politikken. Og nesten alle i partiet meiner sjølv at dei er over gjennomsnittet opptekne av musikk.

I FpU stiller det seg annleis.

– Her finst det ei avvising om at musikk og politikk heng saman. Musikk er ikkje i like stor grad ein del av det sosiale rundt partiet. I RU heng politikken meir saman som del av ein smaksformasjon hos ungdommane, seier han.

Han legg til at dette nok også kan knyttast til at det nesten ikkje finst politisk musikk som er høgrevridd.

– Når RU skal bruka musikk for å mobilisera har dei eit hav å ta av. Det har vore ei svær venstreorientert musikkrørsle med røter tilbake til 30-talet.

– Det har ein ikkje i FpU. Der høyrer ein på Postgirobygget som ikkje har mange politisk fiber. Det er openbart at den eksplisitt politiske musikken er meir for den raude ungdommen.

  • Les òg:

Har ikkje ei musikalsk rettesnor

Politikarane er samde i dette.

– Me på høgresida er individualistar. Folk høyrer på det dei vil, me har ikkje ei musikalsk rettesnor å gå etter. Sjølv spelar eg meir musikk på piano, enn eg høyrer på musikk. Eg har til dømes aldri eigd ein MP3-spelar, seier Høven.

Han seier at når dei skal ha det gøy på samlingar er det mest musikk med eit humoristisk innhald som står i fokus.

RU sin representant har det ikkje på same måte.

– Musikken er svært viktig for oss, og er eit mykje diskutert emne. Når me har samlingar har me ofte musikk workshops, seier han.

RU representanten blir nærmast sjokkert då Høven seier at han ikkje har høyrt Gatas Parlament.

– Du skal få låna ei plate av meg, seier han.

– Eg finn dei på Spotify seier Høven, og takkar for tilbodet.