Ove Vanebo er unntaket som stadfestar regelen

Medan partikollegaer diggar Postgirobygget, høyrer heller leiaren i FpU på musikk som normalt blir knytt til venstresida. Bob Dylan er ein av favorittane.

Ove Vanebo likar Bob Dylan

LIKAR DYLAN: Formann i FpU Ove Vanebo er motstraums i forhold til kva musikk ein normalt høyrer på som FpU-ar. Dylan er til dømes ein favoritt, som også står høgt i kurs hos Raud ungdom.

Foto: Scanpix/FpU

Ei ny undersøking på musikksmak i ungdomsparti syner at Vanebo sitt nære forhold til Dylan plasserer han inn i Raud ungdom sin musikkprofil.

Det har han sjølv ingen problem med.

– Min smak er nok litt meir alternativ, og ikkje like folkeleg som elles i FpU. Då tenker eg på alt frå Dylan til Nirvana. Eg meiner dessutan at myten rundt Bob Dylan som ein politisk songar er misforstått, seier Ove Vanebo som er leiar i Framstegspartiets Ungdom.

Har hatt føredrag om Dylan

Vanebo er nemleg stor fan av Dylan, som Raud ungdom har som nummer to på topplista av artistar dei høyrer på.

– Du kan nok mildt sagt sei at eg er fan av Dylan, ja. Eg har endåtil hatt føredrag om han i foreininga Monticello Society, seier FpU-leiaren.

– Kva meiner du med at han er misforstått?

– Mange på venstresida har trykka Dylan til brystet sitt sidan ein ser på han som ein frontfigur for protestrørsla. Men eg meiner dette er feil i samanheng med korleis Dylan er i dag, og korleis han var kort tid etterpå.

Les òg:

«Politikk er djevelens instrument»

– To tre år etter han slo gjennom sa han at han ikkje brydde seg stort om politikk, og han ville ikkje at folk skulle bruka han til å forsvara nokon av dei politiske sidene, seier Vanebo.

Han viser vidare til det kjende Dylan-sitatet; «Politics is the instrument of the Devil», eller på norsk; «Politikk er djevelens instrument».

– Likevel er det mange som heng att i den radikale myten om at Dylan er langt på venstresida, men det er han ikkje.

Han forstår likevel at engasjert ungdom, som er skeptiske til det etablerte kan finna Dylan interessant med bakgrunn i at han er samfunnskritisk, og tar opp ting som er i vinden.

– Men kva er det då med Dylan som appellerer til deg?

– Du kan høyra på han same kva slags sinnelag du er i. Du kan vera glad, nøgd eller ha kjærleikssorg. Han er også god til å ta opp aktuelle problematiske emne som globalisering og fattigdom, seier Vanebo.

– Så er sjølvsagt melodiane bra, og det er noko særeige med den rue stemma hans, som gjer at ein lyttar.

– Høyrer på Postgirobygget i festleg lag

Om FpU si begeistring for Postgirobygget seier Vanebo følgjande:

– Postgirobygget høyrer eg berre på når eg er ute og tar ei øl saman med andre. Elles er det mykje bra musikk i FpU. Eg likar godt Springsteen og U2 til dømes.

Han meiner også at politikk og musikk heng saman til ei viss grad.

– I Frp er me oppteken av at det ikkje skal vera politisk styring og regulering. At ein då er glad i ein type musikk som gjer glede heng kanskje saman med dette. Det er ikkje overraskande at ein i FpU likar melodiøs, fengjande og litt rocka musikk.

– På venstresida er det mange som meiner alt er politikk, noko som kanskje vil påverka dei musikalske preferansane deira.