Hopp til innhold

Foreldra i sjokk etter at sonen døydde i narkose

– Det er eit mareritt for foreldra, seier bistandsadvokat Anne Kroken. Fredag blei det klart at Statsforvaltaren opprettar tilsyn etter at ein liten gut døydde i narkose på SUS.

Anne Kroken, advokat

TRENG SVAR: Anne Kroken er bistandsadvokat for foreldra til guten som døydde under ein planlagt operasjon på SUS, tysdag. Ho seier dei treng svar på korleis dette kunne skje.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Foreldra er i eit forferdeleg sjokk. Dei tenkte at den vesle guten var i trygge hender, og så skjer det noko så katastrofalt. Dei har det heilt forferdeleg, seier Anne Kroken.

Ho er bistandsadvokat for foreldra til guten som døydde under ei tannbehandling på Stavanger universitetssjukehus (SUS) tidlegare denne veka.

Nå ønsker dei å vite kvifor det kunne gå så gale. Og forventar at ansvaret blir plassert der det høyrer heime.

– Det skal vere eit møte på sjukehuset på måndag, då kan dei kanskje gi oss nokre foreløpige svar. Tysdag skal foreldra i politiavhøyr, seier Kroken og legg til:

– Dei forventar at både helsetilsynet og politiet skal finne ut kva som har skjedd og korleis det kunne skje.

Stavanger universitetssjukehus (SUS)

Dødsfallet skjedde på oralkirurgisk seksjon ved Stavanger universitetssjukehus.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Saka kan ta fleire månader

– Dette er ei sak med alvorleg utfall, og saka får høg prioritet hos oss, seier fylkeslege Andres Neset i ei pressemelding.

Tidlegare fredag blei det klart at Statsforvalteren i Rogaland opprettar tilsyn etter dødsfallet

– Det er vanskeleg å seie kor lang tid dette vil ta, men sannsynlegvis fleire månader før vi er heilt ferdige med saka, seier Neset.

Dei vil nå sjå på all informasjonen dei har og undersøke vidare i saka.

Andres Neset

Andres Neset, fylkeslege ved Statsforvalteren i Rogaland, fortel det alltid er risiko med narkose, for alle, men den er heldigvis liten.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Tilsynet vårt har som formål å bidra til kvalitet og pasienttryggleik, og tillit til helsetenestene. Når vi vurderer korleis vi følgjer opp alvorlege hendingar, er det dette som er førande for tilsynsaktivitetane våre, seier Neset.

Vi trygge foreldre

Svein Arne Monsen er anestesilege og leiar i Norsk anestesiologisk forening. Han seier til NRK at dødsfall i samband med narkose er ekstremt sjeldan.

Svein Arne Monsen, anestesilege Helgelandssykehuset

Anestesilege Svein Arne Monsen.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Han har sjølv hatt tallause barneanestesiar og tenker både på foreldra som står midt i ei tragedie og anestesipersonellet på SUS som står i ein veldig krevjande situasjon.

– Så er det viktig at vi klarer å formidle til foreldre at det er trygt å legge ungane sine i narkose i Noreg. Praksisen og rutinane vi har i norsk anestesi er svært god og held eit svært høgt nivå internasjonalt, seier Monsen.

Politiet etterforskar

Politiet er i gang med eiga etterforsking av saka. Politiadvokat Tove Marie Haver i Sør-Vest politidistrikt opplyser at det foreløpig ikkje er nokon mistenkte i saka, men at dei jobbar med vidare avhøyr og ventar på obduksjonsrapport.

– I mi erfaring varierer det veldig kor lang tid obduksjonsrapporten tar, men den kjem ikkje i morgon og det kan nok ta litt tid, seier Haver.

Ho fortel at det er planlagt avhøyr vidare i neste veke også.

Fylkeslege Neset fortel at Statsforvaltaren vil koordinere sitt tilsyn med politiet for å sikra at det ikkje blir eit hinder i deira etterforsking.

Undersøker sjukehuset

– Om det har skjedd svikt eller feil er ikkje mogeleg å si på noverande tidspunkt. Me vil undersøke om sjukehuset har gode rutinar og praksis for å minimere risikoen i situasjonar som denne, seier Neset.

Han fortel det foreløpig er lite som peiker konkret i den retninga, men at dei vil gjere grundige undersøkingar før noko blir fastslått.

Stavanger universitetssjukehus (SUS)

Stavanger universitetssjukehus.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK