– Han har levert så enormt bra at eg forstår interessa godt, seier sjef i Bryne-butikken, Svenn Olav Sele.
I dag kunne han spretta den første eska med bestillinga deira frå Tyskland. Ei eske med 130 Borussia Dortmund-drakter.
Desse draktene har vore svært etterlengta i Erling Braut Haaland sin moderklubb.
– Fleire har tatt kontakt både på Facebook og på mail, så pågangen har vore stor. Eg har lova folk å ta kontakt med det same draktene er her, seier han.
Utselde for små drakter
Vanlegvis er det roleg i den vesle supporterbutikken til andredivisjonslaget Bryne FK, men Haaland sin Europa-suksess har definitivt ført til meir aktivitet den siste tida.
– Me kjøpte inn 100 Red Bull Salzburg-drakter då han var der. Eg trur me har tre igjen, seier Sele.
Når Haaland nå står med sju mål etter tre kampar i den tyske Bundesligaen, trur Sele at det er ein god sjanse for at dei i år vil selja fleire Dortmund-drakter enn Bryne-drakter. Salet av Bryne-drakter plar liggja på eit par hundre i året.
Eigentleg var Bryne FK si bestilling større, men beskjeden frå Dortmund var at dei var utselde for dei minste størrelsane. Salet av Haaland-drakter går naturleg nok bra i Tyskland også.
NFF skjermar Haaland
Same måndag som jærbuen endeleg kan kjøpa Erling Braut Haaland-drakter i heimbyen hans, kom meldinga om at NFF vil skjerma superstjerna før landskampen mot Serbia.
Pågangen etter superspissen er nå så stor at berre TV-rettshavaren vil få intervjua Haaland på tomannshand før kampen. Elles er Haaland berre tilgjengeleg på ein pressekonferanse saman med landslagssjef Lars Lagerbäck.
Til VG opplyser NFF at dei gjer dette for å skjerma Haaland mest mogleg.
Erling Braut Haaland spelte sin siste Bryne-kamp i 2016.