Hopp til innhold

75 prosent seier ja til Stavanger

Alle røystene er nå talde opp i Finnøy kommune, og eit stort fleirtal ønsker å slå seg saman med Stavanger.

Henrik Halleland

Ordførar i Finnøy kommune, Henrik Halleland, seier at det er Stavanger som er byen for Finnøy og for Ryfylke.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Her er hovudtala frå folkerøystinga på Finnøy

Resultat

1. Ja til kommunesamanslåing

67,86 prosent

1. Nei til kommunesamanslåing

28,81 prosent

2. Ja til Stavanger

74,96 prosent

2. Ja til Utstein

8,87 prosent

– Eg er ikkje overraska over at det blei ja til Stavanger, men kanskje litt over at det også blei ja til kommunesamanslåing, seier ordførar i Finnøy, Henrik Halleland (KrF).

For når folket på Finnøy har talt så er det altså eit klart fleirtal for kommunesamanslåing, og eit endå klarare fleirtal for samanslåing med Stavanger.

– Stavanger er byen til Ryfylke

– Det viser at Finnøy har sett at dette er litt nødvendig nå. Det er ikkje tvil om at Stavanger er byen til Ryfylke og til Finnøy, seier han.

Frå før er det klart at nabokommunen Rennesøy ønsker seg til Stavanger, noko som kan bety at ei kommunesamanslåing nordover for Stavanger kan bli ein realitet.

– Eg meiner at Rennesøy på mange måtar drog ute ein propp som gjorde at det byrja å sleppa opp litt. Så eg trur absolutt at det har påverka resultatet våre, seier Halleland.

Eit hinder for samanslåing er Randaberg som ligg mellom Rennesøy og Stavanger. Her er ikkje ein gong Stavanger eit alternativ har ordføraren tidlegare gjort det klart. Men på torsdag skal politikarane der diskutera om dei skal halda eit folkemøte om saka.

Kommunesamanslåing versjon 2