Hopp til innhold

Fleire unge i slagsmål i Gjesdal

  • Unge frå både Sandnes og Ålgård

    Dei fire som blei tatt med, er tatt hand om av barnevernet. Foreldra blir varsla. Politiet veit ikkje kvifor dei begynte å slåst. Ungdommar frå både Sandnes og Ålgård var til stades. Ingen skal ha behov for helsehjelp. Politiet skal etterforske saka.

  • Stoppa slagsmål mellom ungdommar

    Politiet har tatt inn fire 13-14-åringar og skrive ned namna på åtte-ti andre etter melding om masseslagsmål i Gjesdal i ettermiddag. Om lag 25 unge var samla, og fleire skulle ha slost. Nokre hadde stukke av før politiet kom.