Hopp til innhold

Fleire gateprostituerte i Stavanger

Det er i dag minst 85 gateprostituerte i Stavanger. Det høgaste talet som er målt nokon gong, ifølgje Albertineprosjektet i Kirkens Bymisjon.

Prostitusjon Stavanger

Talet på prostituerte i Stavanger sentrum aukar, ifølgje Albertineprosjektet.

Foto: NRK

Mens andre storbyar opplever at sexhandelen skrumpar inn som direkte resultat av lovendringa som forbyr sexkjøp, har trenden vore motsett i Stavanger.

Byen slit med aggressive og pågåande prostituerte midt i bybilete. På eit folkemøte i Stavanger torsdag kveld blei det opplyst at det aldri før har vore fleire gateprostituerte.

Anette Hagelin

Anette Hagelin frå Albertineprosjektet.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Talet er oppe i minst 85 og dei fleste kjem frå Nigeria, seier Anette Hagelin frå Albertineprosjektet i Kirkens Bymisjon.

Les òg: Nytt tiltak skal hjelpa norske prostituerte ut av prostitusjonen

Les òg: – Må bli forbudt å selge sex

Banka opp

Ho seier årsaka veksten er at Stavanger har rykte på seg for å vera ein rik oljeby der det er mykje pengar å henta for dei som sel kroppen sin.

Men det er kamp om marknaden, og det kan bli aggressivt når dei prostituerte kjempar om salsområda sine.

– I januar og februar måtte me følgja opp kvinner som hadde blitt skikkeleg banka opp. Eg har aldri opplevd damer som slåst slik som dei prostituerte, seier Hagelin.

Mannegruppe mot prostitusjon

Byutviklingspolitikar Erlend Jordal (H) og bystyrerepresentant Eirik Faret Sakariassen (SV) har nå tatt på seg ansvaret for å oppretta ei mannegruppe mot prostitusjon.

Gruppa skal arbeida for ei haldningsendring blant menn som i dag er kundar hos dei gateprostituerte. Gruppa organiserer seg over helga.