Hopp til innhold

Nytt tiltak skal hjelpa norske prostituerte ut av prostitusjonen

Det danske programmet Svanegrupper skal nå hjelpa rogalandskvinner ut av prostitusjon. Men førebels ekskluderer programmet den største prostitusjonsgruppa av alle. Dei utanlandske.

Prostitusjon

Dei fleste norske prostituerte er til stades på den såkalla «innemarknaden». Dei kjem mellom anna i kontakt med kundane sine gjennom internett.

Foto: Montasje: Leif Dalen/NRK

– Eg blei redd, paranoid, utrygg og det var fleire ting som gjorde at eg merka eg trong hjelp, seier Alice Viola frå Danmark om livet sitt som prostituert.

Snakkar om prostitusjonen

I dag er ho ferdig med å selja sex, og ho var ei av initiativtakarane til behandlingstilbodet Svanegrupper, som nå har kome til Stavanger. Her er eitt av poenga at dei skal setja ord på det det handlar om, nemleg prostitusjon.

– Mange prostituerte kan oppleva at dei går i behandling for angst og depresjon, problem i parforhold eller problem med relasjonen til barna sine, utan at det blir snakka om at dei faktisk prostituerer seg, seier Viola.

Ho meiner at dersom prostitusjonen er eit tabu i behandlinga, vil berre symptoma og ikkje årsaka bli behandla. Poenget med Svanegrupper er at ein gjennom vekentlege samlingar er open rundt prostitusjonen.

Reservert norsktalande

Bjørg Tysdal Moe

Varaordførar i Stavanger, Bjørg Tysdal-Moe, meiner at det vil koma eit tilbod for engelsktalande prostituerte på sikt, dersom behovet er der.

Foto: Hans H. Bjørstad

Men når ein i Rogaland gjennom Helse Stavanger og Universitetet i Stavanger nå startar opp med prosjektet, er det reservert dei som kan snakka norsk.

Dette trass i at Stavanger har fleire titals prostituerte frå Nigeria, og at ein på «innemarknaden» har om lag 200 prostituerte frå 19 ulike nasjonar:

– Nå går me i gang med dei som snakkar norsk. Eg er trygg på at når me byrjar å få erfaring vil tilbodet også koma på engelsk, seier varaordførar i Stavanger Bjørg Tysdal-Moe (KrF).

Ho er ei av initiativtakarane og gler seg over den nye gruppa. Ho seier at dette vil bli det første skikkelege hjelpetiltaket for å få prostituerte i Rogaland ut av prostitusjonen, og halda dei der:

– Dei som har prostitusjonserfaring, og som vil ut av denne, har fram til nå ikkje hatt ei gruppe som passar for dei, seier Tysdal-Moe.

Vil forska på samanheng med seksuelle overgrep

I tillegg vil UiS bruka innsamla informasjon frå Svanegrupper, som forskingsdata for å finna ut om det finst ein samanhengen mellom seksuelle overgrep og prostitusjon.

Forsking frå Island og Danmark viser at det finst ein samanheng. Men slike studiar har aldri blitt gjort i Norge.

Anne Kristin Bruns, prosjektleiar ved UiS seier at erfaringar i Norge også tilseier at prostituerte ofte har vore utsett for seksuelle overgrep i barne- og ungdomstida.

Prostitusjon

Dei aller fleste prostituerte i Stavangers gater kjem frå utlandet og snakkar ikkje norsk. Førebels er det ikkje hjelp for desse hos Svanegrupper.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK