Hopp til innhold

Fleire enn i fjor

Leiar for Albertine-prosjektet i Stavanger, vil ikkje fjerna dei prostituerte frå sentrum av byen. Trass i at det er fleire horer enn nokon gong denne sommaren.

Prostitusjon
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Dei prostituerte i Stavanger sentrum gjer ikkje noko gale. Så lenge dei ikkje er pågåande og skaper uorden, så har dei lov til å vera der dei ønskjer.

Anette Hagelin

Anette Hagelin er leiar for Albertine-prosjektet i regi av Kirkens Bymisjon

Foto: Magnus Stokka / NRK

Det seier leiar for Albertine-prosjektet i Kirkens Bymisjon, Anette Hagelin. Ho seier dette, som reaksjon på forslaget frå ordførarkandidat for FrP, Tore B. Kallevig. Han vil innføre horefri sone i sentrum av Stavanger.

Vil ha horefri sone i sentrum

Tore B. Kallevig

Ordførarkandidat for FrP i Stavanger, Tore B. Kallevig

Foto: Ståle Frafjord / NRK

– Me føler oss forfølgt på åpen gate. Slik kan me ikkje ha det i Stavanger sentrum.

Det seier Tore B. Kallevig, Kari Raustein og Leif Arne Moi Nilsen, tre av Framstegspartiet sine listetoppar i Stavanger.

Dei tre politikarane har sett seg grundig lei på at dei ikkje lengre kan gå gjennom sentrumsgatene utan å bli tilbode sex.

– Ubehagelege tilrop er ein ting. Men nå har horene blitt stadig meir pågåande. Det er ikkje uvanleg at dei grip tak i kleda på folk, i desperat kamp etter kundar, fortel dei tre til Rogalands Avis.

Fleire enn i fjor

– Det er fleire prostituerte frå Nigeria i Stavanger i år enn i fjor sommar. Då Anette Hagelin sjekka på torsdag kveld, talde ho 14 damer.

– Truleg betyr det om lag 20 til saman, for mange av dei kjem ikkje ut før seint på natta, seier Hagelin.

Men ho understrekar at ingen vil ha dette "yrket" av eigen fri vilje.

– Det er dårlegare tider i Sør-Europa, kombinert med at dei må ha pengar, som er årsaka til at talet aukar, seier Hagelin.