Hopp til innhold

No må han halde fuglane under tak

Funn av fugleinfluensa på ei vill kortnebbgås fører til fjørfeforbod frå Østfold til Rogaland. Dermed må fuglane til Gabriel Birkeland inn under tak.

Gabriel Birkeland i hønsehuset.

Som hobby har Birkeland ansvar for om lag 70 fjørfe, både gjæser, ender, høns og kalkun.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Fredag blei det påvist fugleinfluensa i Noreg, på ei vill kortnebbgås i Rogaland.

– Me har vore utsett for det før, og då kjøpte eg eit svært partytelt der eg hadde alle fuglane, seier Gabriel Birkeland.

Han har fuglehaldet som hobby, og har både høns, gjæser, ender og kalkunar.

I same område som det fredag blei påvist fugleinfluensa.

Vanlegvis er dei frittgåande, men no har Mattilsynet innført portforbod for fjørfe.

– Eg syns det er dumt, men me må gjere det me må for å motverke at det spreier seg, seier Gabriel Birkeland.

Kortnebbgås

Det er på ei vill kortnebbgås det er funne fugleinfluensa, av typen H5N8, i Sandnes. Veterinærinstituttet analyserte prøven.

Foto: Linda Bjørgan

Portforbod langs kysten i Sør-Noreg

Portforbodet betyr at alle tamme fuglar skal vere under tak for å hindre smitte frå villfugl. Det vil i fyrste omgang gjelde for fjørfe langs hele kysten, frå og med Østfold til og med Rogaland.

– Det er jo kjipt for alle som driv sånn som meg, og har fuglane ute heile året, seier han.

Mattilsynet vil registrere alle som held fjørfe som hobby, for å få så god oversikt som mogleg. Fjørfe som blir brukt til kjøtproduksjon er allereie registrert, ifølgje Ole-Herman Tronerud, seksjonssjef dyrehelse i Mattilsynet.

Ole-Herman Tronerud

Tronerud råder alle som finn daude andefuglar (ender, gjæser og svaner), måkefuglar, rovfuglar og åtseletere (kråke og ramn) til å kontakte Mattilsynet på telefon 22 40 00 00.

Foto: Magnus Brenna-Lund / NRK

– Dei er registreringspliktige i utgangspunktet, men hobbyfjørfehold får den plikta når det skjer sånn som dette, seier

Ifølgje Tronerud er risikoen for at influensaen skal smitte til menneske låg.

– Folkehelseinstituttet har vore tydelege på at det er låg risiko for smitte til menneske, sjølv om det kan vere ein risiko, seier Tronerud.

Ifølgje Mattilsynet er det viktig at ein ikkje tek på fuglane når ein skal rapportere inn daude fuglar.

Fram igjen med teltet

Gabriel Birkeland opplever at det har vore ei auke i sjukdommar for fugl dei siste ti åra. Han minnest godt korleis det var førre gong det var fugleinfluensa i landet. Fuglane, som vanlegvis er frittgåande, tok det fint å halde seg inne ei stund.

– Det har vore tre episodar tidlegare, og då måtte me òg ta dei inn under tak, seier han.

Gabriel Birkeland i hønsehuset

Det er ikkje første gong Gabriel Birkeland må ta fjørfeet inn under tak.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Nå skal Birkeland fram med det store partyteltet igjen, som er 60 kvadratmeter stort. Dette har fleire av fuglane vore med på før.

– Med litt halm inni, så blir det litt koseleg for dei